- Friluftsrådet
- 10 tonn søppel fjerna frå Grytafjorden
Prosjektet «Rydd Grytafjorden 2024», finansiert av Handelenes Miljøfond, er no snart i mål. Med totalt 3.400 arbeidstimar har Sunnmøre friluftsråd, saman med 33 frivillige lag og foreiningar, rydda den fem mil lange fjorden mellom Haram og Ålesund. Arbeidet har resultert i fire containerar stappfulle med søppel. Og endå skal det ryddast meir.
Utforminga av Grytafjorden gjer at den samlar mykje marint avfall. Vinterstormar gir «påfyll» av meir marint avfall kvart år. Slik er det med fleire fjordar, viker og øyer.
Friluftsrådet arbeider kontinuerleg med ryddeprosjekt, finansiert av Handelens Miljøfond og Miljødirektoratet. I sommar fekk Sunnmøre friluftsråd tilslag på søknad til Handelens miljøfond med mål om å rydde kystlinja i Grytafjorden.
Til lands og til vanns
Skjærgårdstjenesten Møre og Romsdal med arbeidsbåten «Rigmor» har delteke på prosjektet. Skjærgårdstenesta er ei uvurderleg hjelp ved tilkomst til holmar eller rydding langs bratt kyst. Hjelp frå båttenesta ogsånaudsynt når vi skal hente inn store depot eller tunge gjenstandar.
Den lokale bedrifta Salmar har òg bidratt med båt og mannskap i to heile arbeidsdagar. Det er kjekt når lokale folk tek del i arbeidet og får eit eigarskap til ein reinare fjord.