- Friluftsrådet
- 392 turmål i vinterens Stikk UT!
Vintersesongen består av både fotturar og skiturar og varer fram til 15. april. Turmåla finn du her eller i Stikk UT!-appen.
Å komme seg ut om vinteren er enklare enn ein trur. På dei fleste nærturar er det nok å kle seg godt og varmt, ta på gode sko og komme seg ut døra. Ta gjerne også med ein liten sekk med varm drikke, ei ekstra jakke, matpakke/tursnacks, hovudlykt og eit par broddar for dei som går på beina. Sjekk turomtalen og vêrmelding. Då er du godt førebudd til fine turopplevingar.
Vi heiar på kvardagsaktiviteten. For kvart steg vi tek så vil kropp og sjel merke ein positiv effekt.
Stikk UT! Ski
Dei som køyrer trakkemaskinene har rusta seg på ny sesong og er klar til å lage kilometervis med fine skispor så snart snøen gjer det mogleg. Status på trakka skiløyper ser ein i Stikk UT!-appen der løyper.net er integrert.
Blant dei 159 ski-turmåla er dei fleste er med oppkøyrde spor, men nokre turmål er også lagt utanfor løypenettet. Dette er turar som eignar seg best med fjellski eller randoneeski.