
- Friluftsrådet
- Sjølvberging og livredningskurs for ungdom i alderen 16-20 år

På kurset får du lære ulike symjeteknikkar for sjølvberging og kameratredning. Du får prøve ulike metodar for å nytte forlenga arm i kameratredning, og det blir gjennomgang av HLR med tanke på drukningsulykker.
Kurset kjem innom:
- Sjølvberging og kameratredning
- Forlenga arm
- HLR
- «trygt inn og trygt opp» av vatnet
- «flytte grenser – ikkje pushe grenser!»
- Sjølvinnsikt og personlege grenser
- Badekompis - at du kan vere trygg på kompisane dine, og sjølv er ein kompis som dei kan vere trygg på!
- Frivillig: avslutte kurset med å ta ei livredningsprøve med sertifisering!
Føresetnad for å bli med på kurset er at du er svømmedyktig.
Før sommarferien blir det arrangert eigne kurs for ungdom i alderen 16.-20. år i 8 ulike medlemskommunar.
Etter sommarferien vert det 8 kurs for føresette.
Klikk på lenka under for kursinformasjon og påmelding:
Sjølvberging og livredning Haram
Sjølvberging og livredning Herøy
Sjølvberging og livredning Stranda
Sjølvberging og livredning Sula
Sjølvberging og livredning Sykkylven
Sjølvberging og livredning Ulstein