- Friluftsrådet
- Bli med på Hele Norge båler 18. januar
I bygd og by frå nord til sør blir det fyrt opp bål, og på den måten håpar vi å knytte folk i lokalsamfunna saman gjennom aktivitetar og samtalar rundt bålet.
I samarbeid med DNT Sunnmøre inviterer vi til turar, aktivitetar, turquiz med premiar, og arrangement i alle kommunane på Sunnmøre og Vestnes.
Vi held fyr i bålpanna og serverer varm drikke. Ta med niste eller noko du vil varme på bålet. Hugs også sitteunderlag!
Alle er hjartelig velkomne til å vere med på ein fin utedag i eit fellesskap med bålet som midtpunkt.
Det er gratis å delta.
Våre arrangement denne dagen
Fjord – Gapahuken ved leirdueskytebana i Øygarden, Valldal
Fjord – Gapahuken på Øyna på Overøye, Stordal
Giske – Gapahuken i Sandvika på Roald, Vigra
Haram – Rotaryhuken ved Synnalandsvatnet, Brattvåg
Hareid – Gapahuken i Rotarystien ved Grimstadvatnet, Hareid
Stranda – Gapahuken på Långhammaren
Sula – Kaffivika ved Vassetvatnet i Langevåg
Sykkylven - Museumsparken på Auremarka (samarbeid med Aura-Påls vener)
Ulstein – Gapahuken i Bugardsmyrane, Ulsteinvik
Vanylven – 4-H-gapahuken på Åheim
Vestnes – Kråkvika friluftsområde på Vestnes
Vestnes – Gapahuken på Fiksdalsetra i Fiksdal
Vestnes - Gapahuk i Kråkvika friluftsområde (samarbeid med DNT Barnas Turlag Vestnes)
Volda – Prestesætra
Volda – Grindaløda på Klepp
Volda – Gapahuken på Lid
Ørsta – Gapahuken på friområdet i Vinjvoll (Bøvegen)
Ålesund – Dam 2 på Aksla
Ålesund – Grindstova på Stafsetneset i Vegsundet
Ålesund – Elvaløa på Sjøholt
Ålesund - Gomerløa på Skodje
Sjå også DNT Sunnmøre sine arrangement på same tidspunkt.
Vis bålvett
Dersom de tenner bål på eiga hand denne dagen er det viktig å ta omsyn til naturen, dyr, grunneigar og kvarandre.
Tenk derfor på:
- Plassering av bålplass. Bål skal ikkje tennast på berg eller rullestein, eller forstyrre dyreliv. Bruk gjerne godkjente bålplassar.
- Ta med ved og oppfyringsved som skal brukast til bål, og la død ved få bli liggande i naturen.
- Førebuingar for slokking og rydding.