- Friluftsrådet
- Familiecamp med kajakk 2026
Familiecampen er eit nytt tilbod frå friluftsrådet i år.
I den fantastiske skjærgarden rundt Kjeldsund får familien kajakkopplæring i lag og i grupper slik at de seinare kan ha ein kjekk felles aktivitet å halde på med.
Campen går frå laurdag til søndag med mykje kajakkpadling og med ei overnatting på hovudhuset på idylliske Kjeldsund.
På dagane blir det kajakkpadling der vi får utforske øyriket rundt Kjeldsund, med mange spennande plassar å gjere strandhogg.
På ettermiddagen og kvelden har vi tilgang til ballbane, skogen og gapahuken ved Kjeldsund til leik og aktivitetar for både små og store.
Tidlegare erfaring med kajakk?
Du treng ikkje ha tidlegare erfaring med kajakk, men det er ein fordel å vere trygg i vatn og du må vere svømmedyktig.
Born/ungdommar på familicampen
Det er ynskjeleg at born/ungdommar er ca 12 år eller eldre. Aldersgrensa er ikkje absolutt. Vi har moglegheit til å ta med yngre deltakarar også, men borna må i tillegg til å vere svømmedyktige være store nok i kroppen/ha fysikk nok til å padle nokre timar kvar dag.
Pris:
- Born gratis!
- Vaksne over 18.år kr 1500 per person som dekker kost og losji og kurs!
Lær å padle kajakk sammen i familien, med overnatting og mat på Kjeldsund leirstad.
Få ei flott felles avslutning på sommarferien med kajakk med introduksjonskurs og padleturar mellom øyar og skjær!