- Friluftsrådet
- Friluftsrådet med ny lokalitet
Den nye lokaliteten gjer at friluftsrådet blir tilgjengeleg for innbyggarane, kan invitere til kurs og aktivitetar og ha tilgang til sjøen.
Vekst og behov for ny lokasjon
Sunnmøre friluftsråd har vakse mykje dei siste åra med både Stikk UT!, leik og læring i skulen, arbeid mot marin forsøpling og eiga skjergardsteneste.
Friluftsrådet har dei siste 10 åra halde til på Eidsnes i Sula kommune, men har no vakse seg ut av lokala dei har leigd der. Etter å ha vore på leit ei stund, har ein no landa på at lokaliteten til Byggtorget, i 2. etg. i trehuset hos JKE, på Digernes er eit sentralt og godt alternativ. Dei nye lokala rommar også eit relativt stort møterom som gir friluftsrådet moglegheit til å arrangere møter og kurs der.
Friluftsrådet har fleire prosjekt som er knytt til sjø, både Skjærgårdstjenesten og rydding av marin forsøpling. Derfor er den sjønære beliggenheta i enden av Ellingsøyfjorden svært god for friluftsrådet.
Her får friluftsrådet også tilgang til stort lager som mellom anna vil gi plass til dei 50 kajakkane friluftsrådet har, samt forskjellig utstyr som både aktivitet- og driftsområdet nyttar.
Friluftsrådet håpar den nye lokaliteten vil gjere det lettare for flest mogleg å stikke innom kontora, enten det er for å hente og levere utstyr, få seg eit ekstra Stikk UT!-kart eller treffe tilsette.