- Friluftsrådet
- Gjensidigestiftelsen med på leiken
Gleda og overraskinga var stor då Halldor Lillebø i Gjensidigestiftelsen dukka opp med ein gåvesjekk på kr 600.000 til Leikepatruljen - midt under ein kursdag ved skulane i Vestnes kommune.
Dette bidraget gjer at Sunnmøre friluftsråd kan halde fram med prosjektet også i 2024.
Leik for rørsle, inkludering og kreativitet
Leikepatruljen er ein del av prosjektet «Slå på ringen - uteleik for betre folkehelse» der målet er å styrke den sjølvstyrte uteleiken blant elevane, med fokus på rørsle, inkludering, kreativitet og initiativ til leik.
Det blir halde kurs for nye kull elevar ein gong for halvåret, der barna får kompetanse og fleire verktøy. Også dei vaksne tilsette ved skulen blir kursa.
Prosjektleiar og kurshaldar Inger Bakke i Friluftsrådet merkar godt at noko har skjedd med den fysiske kapasiteten til barn dei siste 40-50 åra, til dømes når det gjeld balanse, smidigheit og koordinasjon.
Likeins er breidde og repertoar på uteaktivitetane mykje mindre no enn for nokre tiår sidan. Derfor er det viktig å få tilbake mangfaldet og variasjonen på aktiviteten i skulegarden.