- Friluftsrådet
- Stor deltaking på Hele Norge båler
Saman med DNT Sunnmøre hadde vi over 30 arrangement. Veret har alltid litt å seie på slike dagar, men vi var superheldig og fekk gjennomført arrangementa i vårleg temperaturar og til og med sola titta fram.
Folk strøymde på og det var kjempekjekt å sjå kor alle smilte og kosa seg rundt båla med grillmat, kakao og mykje anna godt.
Nesten 3000 personar deltok på bålarrangementa. Tusen takk til alle som kom!
Og ikke minst tusen takk til alle frivillige som hjalp oss å arrangere - utan desse hadde vi ikkje klart å gjennomføre dette.
Tusen takk også til Sparebank 1 SMN som bidreg med midlar.
Turquiz
Som aktivitet hadde vi ein turquiz, der ein måtte leita opp spørsmåla. Her fekk vi inn mange svar, og har trekt ut 10 heldige vinnarar som får tilsendt eit turnett med diverse innhald i.
Vinnarane er:
Ingvild Tolås
Petter Ellingsæter
Sindre D Kvalvaag
Elanor Dodson
Lars Ove Viddal
Mina Solnør Samseth
Oscar Henriksen Giske
Sigrid Sitgard
Lillian Kvalen
Tomine Vatne Larsen