- Friluftsrådet
- Miljøprisen i Møre og Romsdal 2024
Det er ei ære å få miljøprisen. Det er ei anerkjenning for arbeidet vårt mot marin forsøpling. Prisen deler friluftsråda med tusenvis av frivillige vi har hatt med oss ut på rydding.
Plastkvalen i 2017 vart ein vekkar og starta engasjement hos mange. No ser ein at plast samlar seg også i oss menneske. Samstundes viser forsking at rydding av marin forsøpling hjelper. Derfor er det viktigare enn nokon gong å halde fokuset på marin forsøpling oppe.
Plastforureining er ei stor utfordring, og ryddearbeidet vi organiserer er ein del av løysinga. Friluftsrådet håper at midlar til rydding av marint søppel og førebyggande arbeid aukar. På sikt bør ein kome til eit punkt der vi totalt sett ryddar meir enn vi forsøplar internasjonalt.
Sunnmøre friluftsråd ryddar i snitt 60 tonn søppel i året. Vi søker prosjektmidlar frå Miljødirektoratet, Handelens Miljøfond (plastposefondet m.m.) og andre kvart år, og jobbar for å nytte midlane vi får tildelt godt.
Vi er stolte av verksemda vår, Skjærgårdstjenesten i Møre og Romsdal og dei frivillige. Saman vert vi eit fantastisk og stort ryddeteam. Saman utgjer vi ein stor forskjell for strandsonemiljøet på Sunnmøre.
I utsette strøk og i verneområder jobbar friluftsrådet sine profesjonelle ryddarar saman med Skjærgårdstjenesten Møre og Romsdal. Frivillige ryddar ofte strender i sine eigne nærområde.