- Friluftsrådet
- Rekord for Stikk UT! vinter – fleire kjem seg ut i frisk luft
Frisk luft og fysisk aktivitet er spesielt viktig i den kalde og mørke årstida, både for fysisk og psykisk helse. I løpet av sesongen, som gjekk frå 1. desember 2025 til 15. april 2026, har endå fleire enn tidlegare år teke turen ut i naturen vinterstid.
Totalt vart det i vintersesongen lagt til rette for 446 turmål i Møre og Romsdal og Heim, fordelt på 159 skiturar og 288 fotturar.
Godt over 16.000 personar har vore med, og desse har registrert opp mot 250.000 turar i Stikk UT! vinter 2025-26. Dette er nok ei stor auke frå tidlegare år.
Dei aller fleste har gått fotturar, og desse har registert heile 210.000 turar i vintermånadane.
Også til Stikk UT! ski-turmåla har vi hatt auke i aktivitet. Her har rundt 5.000 deltakarar registrert til saman 36.000 turar. Grunna snøfattig vinter, reknar vi med at fleire har gått til skiturmåla til fots.
Tala viser at Stikk UT! vinter held fram med å vere ein viktig møteplass for aktivitet, naturopplevingar og meistring – også om vinteren. Statistikken viser også at Stikk UT! får folk ut på tur jamnt gjennom heile veka.