
- Friluftsrådet
- Stikk UT!-favorittane er kåra

Det er 620 turar i ulike vanskegrader å velje mellom i vår region denne sommarsesongen. I kåringa, som varte frå 15. august til 15. september, fekk vi inn 340 svar på kva som er Stikk UT!-deltakararane sine favoritturar.
Friluftsråda understreker at det ikkje er den finaste turen i kommunane som blir kåra, men Stikk UT!-brukarane sine favoritturar.
Kåringa gav dette resultatet
Sunnmøre
Ålesund kommune – Borgundgavlen
Ørsta kommune – Fonnvernet, Storelva på langs i Barstadvik, Rambjørhornet og Hornseten (like mange stemmer)
Volda kommune – Gapahuken på Lid
Vestnes kommune – Helsetnakken
Vanylven kommune – Skåratinden
Ulstein kommune – Breifjellet og Osberget (like mange stemmer)
Sykkylven kommune – Sessvatnet
Sula kommune – Svanshornet
Stranda kommune – Skaret og Ljøsætra (like mange stemmer)
Sande kommune – Sandslegene
Herøy kommune – Storhanen og Igesundshetta (like mange stemmer)
Hareid kommune – Rotarystien og Håbakknotten (like mange stemmer)
Haram kommune – Alvestadhuken (turvegen på Alvestad)
Giske kommune – Storhornet
Fjord kommune – Mosætra
Nordmøre og Romsdal
Aukra kommune – Aukra kyststi
Aure kommune – Benken
Averøy kommune – Mekknoken og Stavneset (like mange stemmer)
Gjemnes kommune – Elvastien
Heim kommune – Tussan
Hustadvika kommune – Raudtua
Kristiansund kommune – Kvernberget
Molde kommune – Prestaksla
Rauma kommune – Litelvarden ved Strandafjellet, Hovdekollen og Ransetfjellet (alle tre fikk lik stemme)
Smøla kommune – Ørnetua
Sunndal kommune – Seljebøvatnet
Surnadal kommune – Kavlvegen
Tingvoll kommune – Fløystadfjellet/Skarven
Kvardagsturane i nærområdet er mest populære
Gjennom kåringa ser vi at mange av dei enkle og fine kvardagsturane i nærområdet er favorittar. Desse turmåla er også blant dei mest besøkte Stikk UT!-turane i sine kommunar. Det fortel oss at dette er viktige turmål som folk er glade i å bruke.
I tillegg til å nominere favorittutmåla, bad friluftsråda også om innspel til andre stadar som kan vere Stikk UT!-turmål, og her kom det også inn gode forslag. Dette blir formidla vidare til kommunane slik dei kan ta med dette i vurderinga når dei tek ut turmål for vinteren eller neste sesong