- Friluftsrådet
- Stikk UT! ski har inngått samarbeid med Skiappen
Stikk UT! Ski har saman med Møre og Romsdal skikrets inngått samarbeid om «Skiappen», som leverer gratis GPS-ar til trakkemaskiner og som er gratis å bruke.
Dette betyr at det blir enklare å finne både Stikk UT! Ski-turmål og preparerte skiløyper.
Gratis løypestatus for skiløparar og løypeaktørar
Skiappen er utvikla av Devinco AS og gir gratis tilgang til kart over skiløyper og informasjon om når løypene sist vart preparert. Også løypeaktørar kan bruke løysinga utan kostnader eller abonnement.
GPS-utstyr på trakkemaskinene registrerer løypeprepareringa og gjer informasjonen tilgjengelig for skiløparane.
Den nye løysinga skal klargjerast fram mot skisesongen, som starter 1. desember 2026.
Stikk UT! Ski er eit samarbeid mellom Friluftsråda i fylket, Norges skiforbund og Møre og Romsdal Skikrets. Uansett kva for ein av dei to appane du besøker i vinter, vil du kunne finne Stikk UT! Ski-turmål og oppdatert løypestatus.
Turane kan du registrere som vanleg i Stikk UT! appen.