- Friluftsrådet
- Stikk UT! stifond 2024
Sparebanken Møre har også i 2024 tildelt Stikk UT! kr 500.000 til utbetring og vedlikehald av dei mest slitte stiane som har vore, er eller skal bli Stikk UT!-turmål. Lag, foreiningar, stiftingar, grunneigarar og frivillege kan søke opptil kr 15.000 per tiltak.
Tiltak som raskt kan gjennomførast raskt vil bli prioritert. Vi ønsker berekraftige løysingar som gir minst mogleg inngripen i naturen. Erfaringsutveksling og dokumentasjon på arbeidet som blir gjort er viktig, og her kan friluftsråda gjerne brukast som konsulentar.
Midlane kan gå til:
- Enkel klopping, kloppebru, grusing og steinsetting
- Omlegging av sti for å unngå våte parti (t.d. rydde skog til ny trase)
- Bruk/leige av utstyr
Søknadsskjema
Skjema kan sendast inn fortløpande gjennom året, og utbetalinger skjer så langt det er midlar på fondet.
Søknaden må innehalde:
- Bilde av staden som skal utbetrast og skildring av tiltaket (Bærekraftige løysingar vil bli prioritert)
- Henvisning til staden som skal utbetrast (eks link frå morotur.no eller skjermbilde av kartposisjon)
- Enkelt budsjett
- Framdriftsplan
Søknadsskjema finn de nederst på denne sida:
Stifond og søknadsskjema