- Friluftsrådet
- Vil du bli årets Stikk UT!-kunstnar?
Jobben er ikkje veldig godt betalt, men det når ut til eit stort publikum. I 2023 hadde Stikk UT! 40 000 deltakarar der alle som hadde gått sju turar eller meir kunne bestille krus i premie til seg sjølv. Vi sel omtrent 3 000 krus og 2 000 skåler i året. Vi håpar å få presentert årets motiv og kunstar på Stikk UT!-kartet som sendast ut til alle husstandar i Møre og Romsdal + Heim kommune i Trøndelag siste veka i april. Det betyr at vi må sette 15. mars som frist på innsending. For den kunstnaren som blir valt ut, er det høve til forlenging.
Tidlegare har Arne Nøst og Signe Louise Aasen dekorert Stikk UT!-krusa og -skålene. No vil vi overbringe stafettpinnen til ein ny kunstnar.
Om motivet og kunstnaren:
- Konkurransen er open for både profesjonelle kunstnarar og amatørar
- Motivet skal vere relatert til friluftsliv
- Motivet må kunne overførst til trykk på porselen
Utvelging og premie
Ei prosjektgruppe som består av Stikk UT!-ansvarlege i friluftsråda, samt to Stikk UT!-kontakter frå kommunane vel ut motiv/ kandidat som skal lage årets motiv. Kunstnaren som blir valt mottek kr 10 000 i honorar for arbeidet i 2024.
Ta kontakt med hilde@friluftsraadet.no dersom du er interessert eller vil vite meir.