- Friluftsrådet
- Om oss
- 50-årsjubileum 2024
Sunnmøre friluftsråd er eit av dei største (etter tal på medlemskommunar) og eldste friluftsråda i landet.
Frå 2024 famna Sunnmøre friluftsråd 158.000 innbyggarar gjennom 15 kommunar på Sunnmøre og Vestnes. Fleire kommunar har vore medlem heilt frå starten i 1974, den gongen var namnet «Friluftsrådet for Ålesundsregionen og Vestnes».
I august 2024 markerte Sunnmøre friluftsråd 50 år med aktivitet, tilrettelegging og arbeid for friluftsliv og folkehelse i vår region, og inviterer til jubileumsmarkering.
Sunnmøre friluftsråd gjennom 50 år - samandrag av historia
Sunnmøre friluftsråd tidslinje frå 1974 til 2024
Oversikt over alle styremedlemmar og tilsette frå 1974 til 2024
Framtidsretta
Stikk UT! er kjent for dei fleste, men Sunnmøre friluftsråd står for langt meir. Det er ein framtidsretta organisasjon som no er jubilant etter eit halvt hundreår i stadig utvikling. I starten var det statleg sikring og tilrettelegging av friluftsområde på Sunnmøre som var fokusområder. I dag driv friluftsrådet med aktivitetar for folk alle aldrar, kurs og rådgjeving – i tillegg til store prosjekt innan marin forsøpling og skjergardsteneste.
Starten for Sunnmøre friluftsråd på 70-talet
Inspirert av «Bergen og omland friluftsråd» kalla Ålesund Øst Rotaryklubb inn til møte i 1972 med mål om å danne eit lokalt friluftsråd. I september 1974 vart «Friluftsrådet for Ålesundregionen og Vestnes» offisielt landets sjette friluftsråd. Eit interimsstyre vart etablert med representantar frå Ålesund, Vestnes, Giske, Haram og Stordal. Ålesund Parkvesen var sekretariat. I mars 1978 var det konstituerande årsmøte med Ålesund, Vestnes, Giske, Skodje og Sula som medlemmer. Etter fleire namnendringar vart namnet i 2016 «Sunnmøre friluftsråd».
Faksimiler frå stiftinga
Film: «50 år med utvikling av friluftsliv på Sunnmøre!»
Friluftsrådet har brukt våren på dykk i arkivet og møte med mange av dei tidlegare styreleiarane og daglege leiarane. Vi har fått fram viktige hendingar og historieforteljinga om i utviklinga av Sunnmøre friluftsråd gjennom 50 år.
Det er også produsert ein film om friluftsrådet si utvikling mellom anna med intervju av tidlegare og noverande tilsette, og med aktuelle bilete frå både aktivitet og friluftsområde på Sunnmøre som friluftsrådet skjøttar.
Filmen kan du sjå og laste ned her