
- Friluftsrådet
- Aktivitetstilbod
- Sjølvberging og livredning Herøy 19.juni

Bli med på kurs i sjølvberging og livredning og få praktiske øvingar og tips til korleis du kan få det kjekkare og tryggare med ulike vassaktivitetar.
På kurset får du lære ulike symjeteknikkar for sjølvberging og kameratredning. Du får prøve ulike metodar for å nytte forlenga arm i kameratredning, og det blir gjennomgang av HLR med tanke på drukningsulykker.
Å vere ein god badekompis handlar både om deg sjølv, og dei du er saman med. At du og kompisane er opne og tolerante i forhold til å «flytte grenser – ikkje pushe grenser!». Grensene er personlege både i forhold til kaldt vatn og utfordringar med hopping/stuping og dødsing.
Eigne grenser handlar om sjølvinnsikt i forhold til eigne ferdigheiter og korleis du handterer kaldt vatn, bølgjer, straum og høgder ved hopping.
Kurset vil gi deg ei bevisstgjering om gode farevurderingar av område og forhold (kaldt vatn/bølgjer og straum).
Gjer alltid ei vurdering før du hoppar i vatnet; kor er det «trygt inn og trygt opp» av vatnet!
Er det god nok sikt til at du ser at det er djupt nok? Er det lett å ta seg opp att på land? Kvar kan ein ta seg opp att på land?
For dei som vil kan ein avslutte kurset med å ta ei livredningsprøve med sertifisering!
Føresetnad for å bli med på kurset er at du er svømmedyktig.
Før sommarferien blir det arrangert eigne kurs for ungdom i alderen 16.-20. år i 8 ulike medlemskommunar.
Etter sommarferien vert det 8 kurs for føresette!
Kursinformasjon Herøy
Stad: Toftestøa
Dato: 19.juni
Pris: Gratis
Deltakartal: 5-12
Tidspunkt: kl 1600-1830/1900 (ca 2,5-3 timar)
Utstyr: Våtdrakt (ta med privat, eller lån med BUA og liknande.)
Under finn du påmelding til badekompis Herøy!
Påmeldingsfrist er 13.juni!
Andre kursstader er: Haram, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Volda, Ålesund Sjøholt
Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte