- Friluftsrådet
- Sjø og strand
- Ei strand blir til
Sunnmøre friluftsråd har bidrege til at det har blitt påført sand på fleire sentrale badestadar i medlemskommunene.
Ofte skal det ikkje meir til enn litt rydding av stein og tare, og påføring av skjellsand så har ein ei lys og innbydande strand.
Så langt har friluftsrådet, saman med kommunane, sørga for at det har blitt påført skjellsand på Haugneset i Sykkylven, Bolvika i Sula kommune og på Stafsethneset i Ålesund kommune.
Oversikt over badestrender i regionen finn du under.
(Tips oss gjerne om fleire badeplassar som ikkje er med i oversikta slik vi kan oppdatere.)
Slik blir ei strand til
Før ein sett i gang arbeidet med ei strand, må det takast prøver slik ein veit at vasskvaliteten er god.
Så blir det å fjerne steinar, tang og tare, før ein legg på eit tjukt lag med skjellsand. Sanden som friluftsrådet har nytta er teke opp på 40 meters djupne utanfor Bergen.