
- Friluftsrådet
- Ut på tur
- Gapahukar som nærturmål
- Tur til "Bjørnehiet"

I samarbeid med Leine Krins Grendalag markere gapahuken sin dag (først dagen etter) på søndag 28.september på "Bjørnehiet" på Leinøya.
Dette blir ein familietur kor alle er velkomne! Det vil bli fyr i bålgropa, om forholda for opptenning er der. Ta med eigen grillmat og drikke!
Gapahuken er oppført på eit nydeleg utsiktspunkt på dei ytterste øyar i Herøy.
Det er fleire stiar/ruter til gapahuken etter kva parkering ein startar frå; Leine, Frøystadtoppen, Einedalen skule eller Nærøy.
Ved stien frå Nærøya blir det utlevert bingoark (merka i på kartbildet under).
Det er omlag 1,1 km og 200 høgdemeter å gå frå Nærøya.
Med 3-400 hundre meter lenger om ein parkerer ved skulen i Einedalen og går gangvegen bort til der stien startar.
Oppmøte direkte ved gapahuken kl. 1300.
I Norgeskart.no finn du gapahuken her: Bjørnehiet
Stad: Gapahuken Bjørnehiet på Leinøya 1300-1500
Oppmøte: Direkte ved gapahuken kl 1300
Ta med:
- Eigen grillmat og drikke
- Eit sitteunderlag
- Ellers gjeld det å kle seg etter veret.
Ta med familie og vener, så sjåast vi på søndag 28.september!