- Friluftsrådet
- Aktivitetstilbod
- Familiecamp på Kjeldsund
Familiecampen er eit nytt tilbod frå friluftsrådet i år.
Bli med på ei kjekk familiehelg for vaksne og barn/ungdommar med overnatting og mat på Kjeldsund.
I den fantastiske skjærgarden rundt Kjeldsund får familien kajakkopplæring i lag og i grupper slik at de seinare kan ha ein kjekk felles aktivitet å halde på med.
Kajakkopplæring på familiecampen er tilpassa både vaksne og born/ungdom og gir våttkort med introduksjonskurs etter våttkortstigen til Norges Padleforbund.
Med våttkort med introduksjonskursoblat får du låne eller leige kajakk med dei aller fleste BUA og kajakkutleigarar i Noreg
Campen er gratis for born og kostar berre kr 1500.- per vaksen over 18.år. (kurs, overnatting og mat!)
Campen går frå laurdag til søndag med mykje kajakkpadling og med ei overnatting på hovudhuset på idylliske Kjeldsund.
På dagane blir det kajakkpadling der vi får utforske øyriket rundt Kjeldsund, med mange spennande plassar å gjere strandhogg.
Og kanskje får vi sjå både ørn, sel og nise og anna fugle- og dyreliv.
På ettermiddagen og kvelden har vi tilgang til ballbane, skogen og gapahuken ved Kjeldsund til leik og aktivitetar for både små og store.
Tidlegare erfaring med kajakk?
Du treng ikkje ha tidlegare erfaring med kajakk, men det er ein fordel å vere trygg i vatn og du må vere svømmedyktig.
Born/ungdommar på familicampen - frå ca 12 år
Det er ynskjeleg at born/ungdommar er ca 12 år eller eldre.
Aldersgrensa er ikkje absolutt. Vi har moglegheit til å ta med yngre deltakarar også, men borna må vere svømmedyktige og store nok i kroppen/ha fysikk nok til å padle nokre timar kvar dag.
Utstyr
Kajakk, vest og åre får du låne med friluftsrådet. Men du treng kle til å være ute, badetøy og handkle og våtdrakt/tørrdrakt.
Det er viktig med våtdrakt/tørrdrakt og våtdraktsko for å kunne ha det meir komfortabelt og ha meir overskot når vi trenar på ulike redningar, eller har ulike balanseutfordringar og leikar oss i sjøen.
Dersom du ikkje har eiga våtdrakt/tørrdrakt kan du få låne utstyr med Bua Ulsteinvik, Bua Spjelkavika/Skattekammeret og Bua Volda m.fl
Finn di næraste BUA her: bua.no
Ta kontakt dersom prisen er eit hinder for å delta.
Kven: Føresette og born/ungdom frå ca 12.år
Dato: Laurdag 15.- søndag 16.august
Stad: Kjeldsund
Pris: kr 1500 per deltakar over 18 år. Gratis for born/ungdom under 18.år!
Pris per vaksen inkluderer kajakkurs, våttkort, overnatting og mat!
(Informasjon om betaling blir ettersendt til påmeldte)
La familiecampen bli den kjekkaste avslutninga på sommarferien i 2026!
Påmelding
Det er no så mange påmeldt at familiecampen blir gjennomført som planlagt!
Men det blir enda kjekkare om vi får med nokre fleire familiar!
Meld deg på så raskt som råd på skjemaet under.
Informasjon om betaling og meir detaljert informasjon blir sendt ut i starten av august.
Familiecampen blir gjennomført med støtte frå Volda kommune, Friluftsrådenes Landsforbund og Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre