- Friluftsrådet
- Friluftsområde
- Friluftsloven og allemannsretten
Vi har frå gammalt av hatt rett til å ferdast i skog og mark, etter elvane, på innsjøar, i skjærgarden og til fjells - uavhengig av kven som eig grunnen. Vi kan også hauste av naturen - ikkje berre saltvassfisk, bær, sopp og blomar, men også inntrykk og opplevingar.
Målet med friluftslova er å verne friluftslivet sitt naturgrunnlag og sikre almenn rett til ferdsel, opphald og anna i naturen. Lova tredde i kraft 1. juli 1957.
Allemannsretten
Allemannsretten er ein del av Friluftslova, som gir oss fantastiske moglegheter til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Men allemannsretten gir oss også forpliktingar som å ta omsyn til grunneigarar, kvarandre, plantar og dyr.
Innmark og utmark
I allemannsretten skil ein mellom innmark og utmark.
Enkelt forklart er innmark område som gardsplassar, hustomter, dyrka mark og liknande areal der allmenn ferdsel vil vere til bry for eigar av grunnen. På innmark kan du gå tur på vegar og stiar heile året såframt du held avstand til gardstun, hus og hytter. Du kan også gå tur over frossen eller snødekt åker og eng frå og med 15. oktober til og med 29. april.
Utmark er alt som ikkje er innmark. I praksis vil det seie skog, fjell, myr og kystområde, som utgjer mesteparten av landet. I utmark kan du fritt gå tur sommar som vinter. Når du er på tur kan du stoppe og raste der du vil, men ikkje legg stoppet inntil hus og hytter.
Kor vidt eit område er innmark eller utmark, gir seg ikkje alltid sjølv. I mange tilfelle krev det ei skjønnsmessig vurdering.
Verneområde
Allemannsretten gjeld også i verneområde. Men her er det viktig å vere klar over at nokre aktivitetar kan vere unnateke i området si verneforskrift, særleg i naturreservata.
Drikkevassforskrifta og vassressurslova kan også legge restriksjonar på aktiviteten i eit område. Sjekk med kommunen om du er i tvil.
Hugs allemannspliktene på tur
Når du nyt naturen til fots, hugs alltid å:
- ta med deg søpla di heim
- bruke offentlege toalett der det er tilgjengeleg. Om ikkje grav ned eller på annan måte sørg for at det du gjer frå deg ikke er til sjenanse for andre.
- respektere ferdselsreglar i frilufts- og verneområde
- ikkje forstyrre dyre- og fugleliv, særlig i yngle- og hekketiden
- ikkje skade planteliv, særleg ikkje trua og sårbare artar
- ikkje forstyrre husdyr på beite. Lukk grinder etter deg
- respektere andre brukarar sitt behov for avstand og stillheit
- ikkje ta snarvegar over innmark, gjennom tun eller i nærleiken av hus / hytter
- vere forsiktig med eld og slokke bålet heilt før du forlét det
- ikkje skade tre når du skal finne ved til bålet – bruk tørre kvistar som du finn på bakken
- ikkje legge bålplassen rett på svaberg at slik at berget sprekk
Spørsmål og svar om allemannsretten
På Miljødirektoratet si side finn du meir om friluftsliva og allemannsretten, og kva bestemmelser som gjeld.