- Friluftsrådet
- Friluftsområde
- Friluftstoalett
Toalett på område der mange oppheld seg er viktig og i mange tilfelle naudsynt. Derfor har friluftsrådet fått på plass og har ansvar for fleire toalett på statleg sikra område.
Dei fleste toaletta er tilgjengelege døgnet rundt og gratis å bruke om sommaren, men kan vere stengde om vinteren (grunna frost). Fleire er også tilrettelagte for rullestolbrukarar.
Nedanfor finn du ei oversikt over toalett på friluftsområde.
Opnar du kartet i fullformat eller klikker på symbol øverst til venstre på kartet får du tilgang til å velje kun toalett.
Når du må på do der det ikkje er do
Dersom du må gjere ditt fornødne i eit turområde det ikkje finns toalettfasilitetar, er det viktig å tenke sporlaus ferdsel og vise godt «dovett».
Regelen om sporløs ferdsel handlar om at naturen skal vere like fin når vi forlet den som då vi kom. Når vi er sporlause, tek vi omsyn både til naturen, dyra og kvarandre.
Slik går du på do i naturen (frå Norsk Friluftsliv)
- Ver førebudd, og ha med deg det du treng ut. Det inkluderer dopapir, handsprit, ein liten spade og ein plastpose - gjerne med ziplock, til brukt papir, bind og tampongar.
- Gå langt unna stien. Beveg deg vekk fra stiar, teltplassar, rasteplassar og andre stadar der det er sannsynleg at andre går.
- Finn ein stad eit godt stykke unna vatn. Gå minst 100 meter unna bekkar, elvar eller innsjøar der turfolk fyller vassflaska si, fiskar og badar. Dette er viktig for å hindre forureining av bekkar eller vatn.
- Grav eit hol i bakken. Er du i skogen og bakken er mjuk, kan du grave eit hol, om lag 20 cm djupt. Når du er ferdig, fyll igjen med jord, steinar, mose eller kvistar.
- Ta med dopapiret heim. Naturen brukar to til fire veker, enkelte gongar fleire månadar, på å bryte ned dopapiret. Det er heller ikkje særleg hyggeleg for andre å komme over teikn etter dobesøket ditt. Dersom du brenn bål, kan papiret også brennast der.
NB! Våtserviettar skal aldri kastast i naturen.