- Friluftsrådet
- Friluftsområde
- Gapahukar og grindbygg
Nedanfor finn du ei oversikt over gapahuker og grindbygg på Sunnmøre og Vestnes.
NB! Tips oss gjerne om fleire gapahukar og grindbygg slik vi kan oppdatere oversikta.
Gapahukens dag
Visste du at gapahuken har får sin eigen merkedag? 27. september blir gapahukar over heile landet feira, og er eit perfekt høve til å nyte matpakken eller middagen ute i det fri.
Gapahukar finns over heile landet, og er ofte sett opp av foreiningar, lokale eldsjeler, skular eller kommunar. Dei står gjerne på naturlege samlingsstadar som er enkle å kome seg til. Mange er også tilknytta bålplasser.
Fakta om gapahuken
- Ordet betyr «gapande vinkel»
- Byggverk av tre veggar og eit tak, eller to sidevegger og eit skråtak frå bakken og opp
- Opprinneleg brukt for overnatting og ly mot vêr og vind
Grindbygg
Grindbygg er byggverk etter gammal byggeteknikk i Norge som særleg har vore brukt i uthus som naust og låver på Vestlandet. Grindbygga har ein lett og luftig stavkonstruksjon som eignar seg til bygg utan krav til varmeisolering. Det er bevart grindbygg frå 1500-talet.
Du kan lese meir om grindverk på Wikipedia.
Sunnmøre friluftsråd har mellom anna sett opp ei stor grindstove på Stafsethneset i Ålesund. Dette i samarbeid med Holtleite Bygdelag frå Stordal.