
- Friluftsrådet
- Ut på tur
- Gapahukar som nærturmål
- Tur til gapahuken "Holten"

I Stranda markerar vi gapahukens dag i samarbeid med Sunnylven IL med eit arrangement på gapahuken «Holten» i Hellesylt.
Ordføraren kjem også for å markere denne dagen saman med oss.
Det blir felles tur frå parkeringa og opp til gapahuken. Det er ein tur på rundt 1 km med ca 300 høgdemeter stigning.
Oppe ved gapahuken blir det servert kaffi, kakao, pølser, popcorn og noko "småknask", og det blir duka for bingo.
Oppmøte ved parkeringa på “Ellingmyra”, som er merka «Stikk UT» parkering i ein av svingane i toppen av boligfeltet mot Ringdalen.
Vi gler oss til å markere gapahukens dag 27.september, og håpar vi sjåast på gapahuken på «Holten» i Hellesylt!
Posisjon for oppmøte og turbeskrivelse finn du her: morotur.no.
Stad: Gapahuken Holten kl 1300-1600
Oppmøte: Ellingsmyra (Merka "Stikk UT" parkering i ein av svingane oppover mot Ringdalen)
Ta med:
- Termos med varmt vatn
- Eigen kopp
- Eit sitteunderlag
- Matpakke/niste
- Ellers gjeld det å kle seg etter veret.
Ta med familie og vener, så sjåast vi på laurdag 27.september!