
- Friluftsrådet
- Ut på tur
- Gapahukar som nærturmål
- Tur til Grønlia gapahuk

I samarbeid med IL Lauparen vil friluftsrådet markerer gapahuken sin dag på "Grønlia gapahuk" på Vaksvikfjellet i Ålesund kommune
Søk etter sportskapellet på Vaksvikfjellet. Frå sportskapellet er det først ca 800 meter på grusveg og 10 minutt på sti til gapahuken
Sportskapellet i Google maps: https://maps.app.goo.gl/GaCMZJkvc6p7DrQK6
Dette blir ein familietur kor alle er velkomne!
Det blir servert kaffi, kakao og noko "småknask", og det blir duka for bingo.
Oppmøte blir ved trakkemaskinhuset til IL Lauparen (rett etter sportskapellet på Vaksvikfjellet) klokka 11.
Herfra går vi saman i roleg tempo opp til gapahuken, ein tur på rundt 2 km.
Stad: Grønlia gapahuken kl 1100-1300
Oppmøte: kl 11 ved trakkemaskinhuset (rett etter sportskapellet)
Ta med:
- Eigen kopp
- Eit sitteunderlag
- Matpakke/niste
- Ellers gjeld det å kle seg etter veret.
Ta med familie og vener, så sjåast vi på laurdag 27.september!