- Friluftsrådet
- Skule/SFO/BHG
- Kurs i utandørs livredning
Friluftsrådet sine kurs er tilpassa kompetansemål i læreplanen. Kursinnhaldet er praktisk og vil gjennom gode øvingar, tips og idear gi lærarane eit større repertoar til å kunne lage gode undervisningsopplegg for å nå kompetansemåla i utandørs symjing og livredning.
Kurset med utandørs livredningsprøve vil stette krav i forhold til den nasjonale rettleiaren (2022) med krav til livredningsdokumentasjon til ansvarleg vaksen for all aktivitet og opplæring med barn i, ved og på vatn
På bakgrunn av ekstra tildeling av midlar er kurset gratis for lærarar frå skular som er med i kajakk i skulen prosjektet!
(Kurset kostar vanlegvis kr 1250 per lærar!)
- Dato: Tysdag 1.okt
- Pris: Gratis for 1-2 lærarar frå kvar skule i "kajakk i skulen"
- Tidspunkt: kl 12-16
- Stad: Badestranda på Eiksund, eller i Ørsta (Vi legg kurset nærast frå der flest folk er påmeldt)
- Fagleg ansvarleg: Morten Gjerseth, godkjend instruktør i Norges Livredningsforbund og fysioterapeut
- Kursleiar: Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet i Sunnmøre friluftsråd
- Deltakartal: 10 til 12 deltakarar per kurs
- Kursutstyr: Deltakarane må ta med eigen våtdrakt, våtdraktsko og gjerne våtdrakthette eller liknande
Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte deltakarar!
Kontakt friluftsrådet ved Christer Lundberg Nes for informasjon om andre moglege kursstadar/datoar.