- Friluftsrådet
- Skule/SFO/BHG
- Utandørs livredning
- Progresjon i opplæringa
Læreplanen har ein tydeleg progresjon i opplæring av trygg ferdsel, symjing og livredning gjennom grunnskulen. Elevane skal etter 2.trinn ha øvd på trygg ferdsel ved vatn, og dei skal kunne tilkalle hjelp. Etter 4.trinn skal elevane vere symjedyktig (men det er ikkje spesifisert om dette gjeld ute eller inne i basseng). Elevane skal etter 4.trinn også øve på trygg og sporlaus ferdsel i naturen. Etter 7.trinn skal elevane kunne vurdere sikkerheit i uteaktivitetar og kunne gjennomføre sjølvberging i vatn. Og når elevane går ut av 10.trinn skal dei forstå og gjennomføre livberging i, på og ved vatn ute i naturen.
Å forstå livberging handlar om djupnelæring. At elevane forstår kva som er hensikta med ein redningsmetode dei får lære td. prinsippet med forlenga arm, og kan då improvisere og nytte metoden innanfor rammene av det dei har til disposjon i ein livredningssituasjon. Til dømes å nytte ein kjepp, ei åre, eller vrenge av seg ei jakke og nytte dette for å nå ut til den som treng hjelp i staden for til dømes ei kasteline eller livredningsbøye.
Læraplanen i kroppsøving har som mål at elevane:
Etter 2.trinn skal kunne:
- øve på trygg ferdsel ved vatn og på å kunne tilkalle hjelp
Etter 4.trinn skal kunne:
- vere symjedyktig ved å falle uti på djupt vatn, symje 100 meter på magen, og undervegs dykke ned og hente ein gjenstand med hendene, stoppe og kvile i 3 minutt (imens flyte på magen, orientere seg, rulle over, flyte på rygg), så symje 100 meter på rygg og ta seg opp på land
- øve på trygg og sporlaus ferdsel i naturen
Etter 7.trinn skal kunne:
- vurdere sikkerheit i uteaktivitet og naturferdsel og gjennomføre sjølvberging i vatn
Etter 10.trinn skal kunne:
- forstå og gjennomføre livberging i, på og ved vatn ute i naturen
- forstå og gjennomføre livreddande førstehjelp
- vurdere risiko og tryggleik ved ulike uteaktivitetar, forstå og gjennomføre sporlaus og trygg ferdsel
Udir.no: Kroppsøving (KRO01-05)
Les meir i symjedyktig.no