- Friluftsrådet
- Sjø og strand
- Marin forsøpling
Friluftsrådet har dei siste åra fått ein sentral posisjon i arbeidet mot marin forsøpling i regionen, der vi koordinerer og legg til rette for frivillig og profesjonelt arbeid. Prosjekta er for tida finansiert av Miljødirektoratet og Handelens miljøfond.
Gjennom å drifte nettverket «Marin forsøpling Møre og Romsdal», saman med Runde Miljøsenter og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, er vi med på å halde oppe entusiasmen til dei frivillige ryddarane.
Sunnmøre friluftsråd deltek også i Rydditide-prosjektet der vi rydder ytre kyst i Haram, Ålesund og Sula (2024-2028). Det er estimert at det ligg mellom 930–1400 tonn marint avfall langs kysten i fylket. Arbeidet blir utført av friluftsrådet i samarbeid med Plastfritt Hav, Plastpiratane og TAVAHA Fjørtoft.
Skjærgårdstjenesten Møre og Romsdal bistår i ryddearbeidet på utsette område.
Vil du hjelpe å rydde?
Er du ein av dei som vil hjelpe med opprydding av marin forsøpling? Vi kan hjelpe deg med utstyr (hanskar og søppelsekkar) og frakt av oppsamla søppel.
Kontakt fagleiar for marin forsøpling Malin Therese Fiksdal på tel.: 482 31 905 eller e-post: malin.fiksdal@friluftsraadet.no
Er de eit større ryddelag, er det mogleg å søke oss om midlar til arbeidet. Vi kan dele ut inntil kr 7500,- til skular, lag og foreiningar som går til eit felles føremål.
Vi oppfordrar alle til å registrere ryddinga si på Rydde.
Ta gjerne kontakt om du treng hjelp til dette.
Viktig førebuing før og under ryddeaksjonar
Tips til rydding finn du i rettleiaren frå Nettverk Marin forsøpling Møre og Romsdal, eller i rettleiar for strandrydding frå Miljødirektoratet Senter mot marin forsøpling
Om det blir rydda mykje eller det er vanskeleg å kome til med bil, eller at det er større og vanskeleg handterbart søppel, kan vi hente dette med båt. Ta kontakt med oss før rydding for å avklare henting.
Samle saman sekkane i depot på 8–10 sekkar, og legg dei slik at ein kan kome til med båt, gjerne ved eit svaberg med grei djupne utanfor.
NB! Pass på at det innsamla søppelet ikkje kan takast av flo, vind og vêr.
Send informasjon med koordinatar og/eller avmerka på kart kvar depotet er på e-post til: malin.fiksdal@friluftsraadet.no
Lykke til med ryddinga!