- Friluftsrådet
- Om oss
- Sunnmøre friluftsråd
Friluftsrådet er organisert som eit interkommunalt oppgåvefellesskap (KO) med eigen samarbeidsavtale for fellesskapet. Dei faste organa er representantskapet, styret og dagleg leiar.
Besøks- og kontaktinfo
E-post: post@friluftsraadet.no
Post- og besøksadresse: Sunnmøre friluftsråd, Stettevegen 73, 6260 Skodje (ved Digernes)
Køyrerettleiing: Digernes i indre del av Ålesund, ved sjøen samlokalisert med Byggtorget Stette.
Rettleiing med Google Maps her
Kontor: 2. etg. over kjøkkenbutikken, inngang gjennom butikken og trappa rett fram.
Lager: Lagerbygget til venstre for kontorbygget.
Org.nr.: 971 369 205
Vipps: 513199
Faktura: EHF 971369205 eller faktura@friluftsraadet.no
Friluftsrådet har også avdelingskontor på Campus Volda.
Eigd av medlemskommunane
Friluftsrådet består av kommunane Giske, Fjord, Haram, Hareid, Herøy, Sande, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vestnes, Volda, Ørsta, Vanylven og Ålesund.
Saman med medlemskommunane, andre offentlege styresmakter, organisasjonar og frivillige, skal Sunnmøre friluftsråd arbeide for eit allsidig og miljøvennleg friluftsliv i regionen. Vi skal stimulere til friluftsliv for trivsel, helse og miljø for alle, og skape større forståing for nytta av friluftsliv.
(Klikk gjerne på kommunelogoane nederst på sida for å kome til kvar enkelt kommune sin nettstad).
Heile spekteret
Sunnmøre friluftsråd er eitt av 29 friluftsråd i Norge og er ein del av Friluftsrådenes Landsforbund (FL).
Målt etter omsetning og tal på tilsette, er Sunnmøre friluftsråd eit av dei største friluftsråda i landet. Vi er eitt av få som arbeider med heile spekteret, frå rådgjeving til kommunane, kurs og aktivitetar i friluftsliv, tilrettelegging, drift og skjøtsel av friluftslivsområde, marin forsøpling og skjergardsteneste.
Friluftsrådet skal:
- fungere som eit kompetansesenter for friluftsliv for deltakarkommunane og andre samarbeidspartar
- vere ein pådrivar og ein høyringsinstans i viktige saker for friluftslivet
- legge til rette for fysisk aktivitet
- arbeide med sikring, tilrettelegging og drift av friluftsområde av ulike slag
- jobbe for ei reinare fjøre. Vi koordinerer, legg til rette for frivillig og profesjonelt arbeid mot marin forsøpling
- gjere sjøbaserte friluftslivsområde attraktive og tilgjengelege. Dette arbeidet blir utført i samarbeid og gjennom Skjærgårdstjenesten i Møre og Romsdal