- Friluftsrådet
- Aktivitetstilbod
- Padlecamp med grunnkurs på Kjeldsund
Avslutt sommarferien med å bli med på ein av to ulike padlecampar med grunnkurs på Kjeldsund:
Vi arrangerer ein padlecamp frå måndag 5.august tom onsdag 7.august og ein padlecamp frå måndag 12. tom onsdag 14.august. (denne er dessverre full)
Opplegget er tilpassa for ungdom og gir våttkort med grunnkurs hav i våttkortstigen til Norges Padleforbund.
Padlecampen går over 3 dagar med mykje kajakkpadling og med 2 kjekke overnattingar på hovudhuset på idylliske Kjeldsund.
På dagane blir det kajakkpadling der vi får utforske øyriket rundt Kjeldsund, med mange spennande plassar å gjere strandhogg.
Og kanskje får vi sjå både ørn, sel og nise og anna fugle- og dyreliv.
På ettermiddag og kveld har vi tilgang til ballbane, skogen og gapahuken ved Kjeldsund til leik og aktivitetar.
Tidlegare padleerfaring
For å bli med på padlecampen med grunnkurs kajakk treng du ikkje å ha padla kajakk før. Men du bør vere trygg i vatn.
Har du gått introduksjonskurs før vil grunnkurset gi deg enda meir trening og teknikkar som gjer deg tryggare i kajakken og ein bedre padlar.
Dersom du har grunnkurset frå før kan du også få lov til å bli med på padlecampen for å få padle kajakk saman med andre ungdommar og vere med på det sosiale i ein slik padlecamp! Men du må då vere innstilt på at det blir ein del repetisjon på innhaldet frå tidlegare grunnkurs.
Utstyr
Kajakk, vest og åre får du låne med friluftsrådet. Men du treng kle til å være ute, badetøy og handkle og våtdrakt/tørrdrakt.
Det er viktig med våtdrakt/tørrdrakt og våtdraktsko for å kunne ha det meir komfortabelt og ha meir overskot når vi trenar på ulike redningar, eller har ulike balanseutfordringar og leikar oss i sjøen.
Dersom du ikkje har eiga våtdrakt/tørrdrakt kan du få låne utstyr med Bua Ulsteinvik, Bua Spjelkavika/Skattekammeret og Bua Volda m.fl
Finn di næraste BUA her: bua.no
Pris
Prisen er berre kr 500.- per ungdom og inkluder grunnkurs kajakk med våttkort, overnatting og mat!
La padlecampen bli den kjekkaste avslutninga på sommarferien i 2024!
Påmelding så raskt som råd og seinast innan 01.august.
Per 18.juli: Det er nokre ledige plassar til padlecampen 5.-7.august, men fullteikna den 12.-14.aug
Attarhald: Vi må ha minimum 6 deltakarar for å kunne gjennomføre padlecampen.
Dersom vi må avlyse på grunn av for få påmeldte deltakarar vert kursavgifta refundert til dei som har betalt.
Påmelding her: Padlecamp på Kjelsund med grunnkurs