- Friluftsrådet
- Aktivitetstilbod
- Padlefestival UNG 2024
Padlefestival UNG 2024 er for ungdom i alderen 14.-17.år
I år gjennomfører vi padlefestivalen som to ulike padlecampar med grunnkurs på Kjeldsund og eit introduksjonskurs i Vatne i Haram kommune.
Padlecamp på Kjeldsund 5.-7.aug (det er fullt 12.-14.aug)
Kvar padlecamp går over 3 dagar med 2 overnattingar på idylliske Kjeldsund med overnatting på hovudhuset.
På dagane blir det kajakkpadling der vi også får utforske øyriket rundt Kjeldsund.
På ettermiddag og kveld har vi tilgang til ballbane, skogen og gapahuken ved Kjeldsund.
Slik at vi har mykje kjekt vi kan halde på med også på land.
Prisen er berre kr 500.- per ungdom og inkluder grunnkurs med våttkort, overnatting og mat!
Dette kan bli den kjekkaste avslutninga på sommarferien 2024!
Les meir her: Padlecamp for ungdom på Kjeldsund
Introduksjonskurs fredag 16.august
Introduksjonskurs på Gurinesbukta ved Vatnevatnet på Vatne i Haram kommune.
Introduksjonskurset går over 3 timar og gir deg moglegheit til å prøve om du synest kajakk er kjekt.
Du får lære meir om kajakken og lære nokre grunnleggande teknikkar, nokre balansutfordringar og leik og kanskje vi rekk å prøve litt redning.
Introduksjonskurset gir deg også våttkort som vert krevd for å kunne låne kajakkar med td BUA ordningane.
Prisen for introduksjonskurset er berre kr 150.- per ungdom
Les meir her: Introduksjonskurs for ungdom i Vatne
Påmelding så raskt som råd og seinast innan 1.august:
Påmelding til padlecamp på Kjeldsund: Padlecamp med grunnkurs
Påmelding til introduksjonskurs på Vatne i Haram: Introduksjonskurs