Hopp til hovedinnhold

MENY

Padlekurs for ungdom 2025

Kvar sommar arrangerer Sunnmøre friluftsråd kajakkaktivitetar for ungdom i alderen 14–17 år. Bli med på kajakkurs og turar på ulike stadar på Sunnmøre!

Kajakk er ein unik måte å oppleve kyst og vatn på, og gir raskt meistringsglede og vil for mange vere ein kjekk aktivitet ein kan halde på med heile livet.

Friluftsrådet tilbyr padleopplæring som er tilpassa ungdom. Det er leik, moro og læring i trygge rammer med dyktige rettleiarar som er aktivitetsleiarar i Padleforbundet.

Vårt mål er at flest mogleg ungdommar skal få oppleve «padleglede». Ved gjennomført introduksjonskurs eller grunnkurs får ungdommane våttkort, som dei kan vise for å få låne kajakk til dømes med Bua-ordningane.

Førebels program og påmeldingslenker for sommaren 2025:


Introduksjonskurs - for deg som vil prøve kajakk

På introduksjonskurs vil du få litt grunnleggande opplæring om kajakken, med litt tips og triks for å kunne oppleve meir meistringsglede.

Introduksjonskursa passar best for deg som vil prøve og teste ut om kajakkpadling kan vere ein aktivitet som du synest er kjekt å halde på med.

Kursa går over 3 timar med to rettleiarar frå friluftsrådet.

Påmelding her:

3-4 timarskurs kr 150.-

Padlecamp med introduksjonskurs kr 400.-

Grunnkurs - for deg som vil lære meir

På grunnkurset lærer ungdommane meir om padleteknikkar, turplanlegging, vêr, farvatn og forhold og ikkje minst redningsteknikkar for å kunne redde seg sjølv og andre dersom ein skulle vere uheldig.

Ein kan vere med på grunnkurset utan å ha tatt introduksjonskurset først.

Dei fleste grunnkurs vert oftast arrangert over to lange dagar (a 8 timar), og det kan vere litt tøft og slitsamt om ein ikkje er van med kajakk frå før.

Friluftsrådet sin padlecamp for ungdom er eit grunnkurs går over tre-fire dagar slik at vi får fleire og litt kortare dagar i kajakk, noko som gir ungdommane meir overskot til leik og læring.

Påmelding grunnkurs: Padlecamp i Kjeldsund 12.-14.august Berre 4 ledige plassar

PS! Det er også mogleg å melde seg på padlecampen i Kjeldsund 5.-7.august og velge å gå grunnkurset i staden for teknikkurset!

Teknikkurs - for deg som vil utvikle deg enda meir

På teknikkurset får ungdommane finpusse padleteknikkar dei lærte på grunnkurset. Men også nokre nye teknikkar som gir større kontroll og gir fleire moglegheiter i kajakken. Noko som ofte gir enda større meistringsglede.

Ein må ha gått grunnkurs før ein kan delta på teknikkurs. Og ein vil få størst utbytte av teknikkurset om ein har fått padla litt etter eit grunnkurs.

Dei fleste teknikkurs vert i regelen arrangert over to lange dagar (a 8 timar).

Friluftsrådet sin padlecamp for ungdom er eit teknikkurs som går over tre-fire dagar slik at vi får fleire og litt kortare dagar i kajakk, noko som gir ungdommane meir tid til å øve på og meistre sjølve padleteknikkane. Det gir og meir tid til leik og moro.

Påmelding teknikkurs/grunnkurs: Padlecamp i Kjeldsund 5.-7.august ledige plassar

Prisar

Introduksjonskurs kostar kr 150

Padlecamp 3 dagar (grunnkurs/teknikkurs) er med overnatting og mat og kostar kr 600.-

Padlecamp 2 dagar (introduksjonskurs) er med overnatting og mat og kostar kr 400.-

Betaling skjer ved påmelding.

Friluftsrådet er eit interkommunalt samarbeidsorgan eigd av kommunane på Sunnmøre og Vestnes. Vi finansierer kajakkopplæring for barn og unge med tippemidlar. Noko som gjer at vi kan tilby kurs og aktivitetar til ein svært låg pris.

Sommaren 2025 fekk vi også midlar med Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre!

Dette treng du av utstyr

Du treng våt- eller tørrdrakt. Ta med tørt skift i vanntette posar til å ta med i kajakken, samt mat og drikke. Har du ikkje eigen våtdrakt eller tørrdrakt er det mange utstyrsbasar i regionen har utstyr til gratis utlån - sjekk her for oversikt

Du får låne kajakk, åre, spruttrekk og vest med Sunnmøre friluftsråd.

Utfyllande informasjon og pakkeliste blir sendt til påmeldte.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.