- Friluftsrådet
- Skule/SFO/BHG
- Padlekveldar for lærarar hausten 2026
Vi ynskjer velkommen til padlekveldar hausten 2026!
Vi må ha minimum 6 deltakarar for å kunne gjennomføre dei ulike padlekveldane. Og eit tak på 12 deltakarar med tanke på utstyr og kajakkar.
Du må difor registrere deltaking nedst på sida!
Ved færre enn 6 deltakarar må vi dessverre avlyse. Påmelding så raskt som råd!
Kveldane blir med oppstart kl 1600 og vi planlegg retur tilbake på land ca kl 1800, med pakking av hengar og utstyr reknar vi med å vere ferdig ca kl 1830/1900
Kveldspadling med lykt kan vere ei fantastisk flott naturoppleving! Bli med!
Utstyr du må ta med:
- Padlekle (tørrdrakt eller våtdrakt)
- Tørt klesskift/varme kle til å ta med i kajakken
- Varme kle etter forholda
- Litt niste og varm drikke
- Hovudlykt som ikkje for sterk - då blendar du berre oss andre du er på tur med! Gjerne ei lykt med moglegheit for raudt lys
Utfyllande informasjon om oppmøtestad og deltakarar blir sendt til påmeldte!
Atterhald
Minimum 6 påmeldte, og med eit tak på 12 personar pga utstyr.
Vi må ha eit lite vêratterhald, og vi må kunne flytte litt rundt på oppmøtestad dersom det trengs litt meir skjerma forhold.
Ved flytting eller avlysing av kvelden sender vi ut informasjon direkte til påmeldte!
| Veke | Dato | Stad | Oppmøte | Lenke til googlemap |
|---|---|---|---|---|
| 44 | Tysdag 27.okt | Vurderer ny stad på Søre! | kl 1600 | |
| 45 | Tysdag 03.nov | Eiksund/Ulstein (Ulsteinvik) | Kl 1600 | |
| 45 | Onsdag 04.nov | Ellingsøyfjorden (Stette/Ålesund) | Kl 1600 | |
| 46 | Tysdag 10.nov | Vatnevatnet (Ørsta) | Kl 1600 |