- Friluftsrådet
- Skule/SFO/BHG
- Slå på Ringen
Vi har sett over tid at den tradisjonelle uteleiken har fått mindre plass både i skulen og på fritida. Som ein konsekvens av dette har truleg dei motoriske ferdigheitene blitt svekka, den kreative stimuleringa av sansane fått mindre fokus og den sosiale samhandlinga blir ikkje utfordra i same grad som tidlegare.
Leiken er viktig
Uteleik er mykje meir enn frisk luft og fysisk aktivitet. Her møtest framtidsferdigheitene og fagfornyinga. Leik, rørsle, samhandling og læring heng saman. Med «Slå på ringen» arbeider vi dagleg med å auke medvitet om kvifor leiken er så viktig, og utviklar og deler praktiske metodar for å styrke dette. Dette gjer vi gjennom kurs for elevar, tilsette i skulen og andre. Tilbodet er gratis, og alle barneskulane på Sunnmøre og Vestnes er med.
«Slå på ringen» består av Leikepatruljen med inspirasjonssamlingar for elevar frå 50 barneskular på Sunnmøre to gongar i året. Hefte om Leikepatruljen lastar du ned her.
Ta kontakt med prosjektleiar Inger Bakke om du vil vite meir.
«Digitalt digg»
«Digitalt digg», ein digital leikebank med filma uteleikar. Her blir det produsert og publisert filmar kontinuerleg.
Her finn du dei: