- Friluftsrådet
- Aktivitetstilbod
- Sommaraktivitetar 7.-9. august 2026
Med dyktige leiarar frå Sunnmøre friluftsråd og med base på Rjånes badestrand blir det masse kjekke sommarktivitetar med bading, fisking, SUP padling og leikar mm.
To av dagane planlegg vi fellesmåltid med mat på bål/grilling, men ein av dagane må du ta med eigen niste.
Vi håpar også å få til ein båttur og ekspedisjon ut til Raudøya og ein fjelltur.
Sommaraktivitetane er gratis med støtte frå Volda kommune og Møre og Romsdal fylke.
Rjånes badestrand i Ørsta finn du her: Klikk her for Google map
Organisert transport til og frå Rjånes
Friluftsrådet organiserer transport tur/retur kvar dag frå Volda/Ørsta - Liadal og dersom det er fleire ungdommar som har reiseveg frå Garneskrysset/Ulstein.
Med eit lite atterhald får vi også til transport frå Festøya/Vartdal til Liadal (tur/retur).
Gi oss beskjed i påmeldinga dersom du ynskjer transport til og frå Rjånes!
Aktivitetar
Med litt tilpassing etter vêr og vind blir det:
- Bading
- SUP padling
- Fisking
- Volleyball
- Andre ballspel og leikar
- Båttur til Raudøya?
- Mat på bål
- Fjelltur
Pris: Gratis
Kven: Ungdom mellom 13-17 år
Dato: 7.-9. august (alle dagar kl 1100-1700)
Stad: Rjånes badestrand i Ørsta
Detaljert pakkeliste blir sendt til påmeldte.
Men du bør truleg ta med:
- Solbriller og solfaktor ;-)
- Caps?
- Badetøy og handkle
- Gjerne våtdrakt (evt lån på Bua?)
- Fiskeutstyr (om du har og har lyst)
- Drikkeflaske og drikke
- Fat, kopp og bestikk
- Turtøy og noko varme klesskift
Påmelding
Det er nå så mange påmeldte at sommeraktivitetane blir gjennomført som planlagt!
Men det er enda kjekkare med fleire ungdommar!!
Meld deg på så raskt som råd på skjemaet under.
Det er avgrensa tal deltakarplassar på grunn av transport og friluftsrådet sitt leiararansvar med vassaktivitetar for ungdom.
Sommaraktivitetane blir gjennomført med støtte frå Volda kommune og Møre og Romsdal fylke