- Friluftsrådet
- Friluftsområde
- Statleg sikra område
Dei fleste medlemskommunane til friluftsrådet har eitt eller fleire statleg sikra friluftsområde, og nye kjem til etter kvart som kommunane får kunnskap om denne ordninga.
Friluftsrådet skal vere ein pådrivar og hjelp for kommunane i arbeidet både med å søke statleg sikring og utforming av forvaltningsplanar for områda som er blitt statleg sikra. Søknader om midlar til nye tilretteleggingstiltak i sikra friluftsområda blir sendt kvart år, i samråd med kommunane.
Etter avtale kan kommunane også delegere heile eller delar av ansvaret for drift og skjøtsel til friluftsrådet.
Kva er statleg sikring?
Statleg sikring betyr at staten kjøper friluftslivsområde som er spesielt viktige for befolkninga. Staten kan betale inntil 100 % av kostnadane dersom arealet er regionalt viktig, og 50 % dersom det mest er lokal befolkninga som brukar det. Kommunen får så råderetten over området, som ikkje kan brukast til anna enn friluftsliv etter kjøpet.
Rettleiing
Vi gir rettleiing til frivillige som vil påverke kommunen til å sikre eit område. Vidare er vi med på synfaringar og møter med kommunen og grunneigarar. Når kommunen skal i gang med sjølve søknaden om sikring, gir vi også «steg-for-steg»rettleiing.
Dei aller fleste søknadane blir innvilga, og dette er ei viktig kjelde til finansiering av tilretteleggingstiltak. Både kommunane sjølve og friluftsrådet søkjer kvart år offentlege midlar til tilretteleggingstiltak i desse områda. Det kan vere til tiltak som gapahukar, bålplassar, stupebrett, flytebrygger, stiar, toalett, parkeringsplass osb. Føresetnaden er at kommunane saman med friluftsrådet lagar forvaltningsplanar for kvart av områda, som skal godkjennast av fylkeskommunen.