- Friluftsrådet
- Ut på tur
- Bli med på Stikk UT!
Med Stikk UT! er det enkelt og trygt å komme seg på tur. Kvart Stikk UT!-turmål har ein unik kode som er festa på ei kodeplate ved turmålet. Denne koden slår automatisk inn i Stikk UT!-appen, eller du kan skrive den inn i appen eller på stikkut.no.
Sommarsesongen i Møre og Romsdal varer fra 1. mai til 31. oktober, og vintersesongen med ski og fotturar frå 1. desember til 15. april.
Gode turomtalar og skilting
Turmåla i Stikk UT! har ulike vanskegrader, frå lette til krevjande - mange er eigna for rullestol. Graden av trillevenlegheit finn du i turomtalen og i turoversikta på kartet. Her er med andre ord turar for absolutt alle – frå rolege stiar langs sjøen til toppar der du får skikkeleg mjølkesyre i beina og utsyn som minner deg om kvifor vi bur akkurat her.
Stikk UT!-turane er skilta og har retningspiler i stikryss. Dette gjer det enkelt og trygt å finne fram.
Slik kjem du i gang
For å vere med på Stikk UT! må du opprette ein brukar og registrere turane dine. Dette gjer du i Stikk UT!-appen, som er gratis å laste ned.
Her finn du også gode turomtalar med kart, bilder og spor, samt informasjon om kvar du kan parkere og korleis du kjem deg dit.
Gå først inn i AppStore (Iphone) eller Google Play Store (Android) for å laste ned appen.
Alle turmåla ligg i appen med kart og turskildring. Du kan også planlegge turen på kart.stikkut.no
Det er gratis å delta på Stikk UT! for privatpersonar.
Turar er godt for kropp og sjel
Forsking viser at regelmessig rørsle i naturen gjer oss både friskare og lykkelegare.
Å gå tur er noko av det beste vi kan gjere for helsa vår. Det styrkjer hjartet, lettar på skuldrene og gir hovudet ein pause. Og det treng ikkje vere verken langt eller vanskeleg. I Stikk UT! tel ein liten tur like mykje som ein lang og krevjande.
Turar er endå betre i lag. Ta med naboen, kollegaen, besteforeldra eller ungane – Stikk UT passar for alle aldrar og nivå. I Stikk UT!-appen kan du sette deg mål, følgje di eiga utvikling og samanlikne deg med andre brukarar om du har lyst på litt ekstra motivasjon.
Kart til alle
Kvart år får alle husstandar i Møre og Romsdal tilsendt Stikk UT!-kartet i postkassa. Kartet inneheld oversikt over det som er sommarens Stikk UT!-turmål, og er friluftsråda sin invitasjon om å delta på sommarens sprekaste eventyr.
Om nokon ikkje har fått kartet, eller treng fleire, så kan det hentast på nærmaste servicekontor/innbyggartorg.
Det kan også lastast ned her:
Stikk UT! Bedrift - her kan verksemder konkurrere internt og mot kvarandre
Bedrifter og organisasjonar kan registrere seg som Stikk UT Bedrift og legge opp til intern konkurranse blant dei tilsette. Eller ein kan konkurrere mot andre bedrifter som er med.
Stikk UT! bedrift er ein fin måte å fremje rørsle, samhald og folkehelse på arbeidsplassen.
Les meir og meld på di bedrift her
Stikk UT!-vett og allemannsplikta
Stikk UT! får svært mange ut på tur, dette kan føre til ekstra slitasje i terrenget, forstyrrelse av husdyr, plante- og dyreliv. Vi oppfordrar alle til sporlaus ferdsel og etterlate naturen like fin som før. Sett deg inn i Stikk UT!-vettreglane som du kan laste ned her: Stikk UT!-vett
Sjå også filmen om Stikk UT!-vett
Organisering
Stikk UT! blir drifta av friluftsråda i landet, og på Sunnmøre er det Sunnmøre Friluftsråd som organiserer turtrimmen i tett samarbeid med medlemskommunane, frivillige og grunneigarar.
Det er kommunane sjølv som velger ut kva for turmål dei vil ha med i sesongane, og på den måten får dei vist fram flotte turområde rundt om i kommunen sin. Og innbyggjarar frå andre stadar får oppleve og sjå nye turmål - mange ukjende perler - som dei truleg ikkje ville ha kome over utan tips gjennom Stikk UT!
Alle Stikk UT!-turane er skilta, har retningspiler i stikryss og har turomtalar med spor i kart (digitalt). Dette gjer det enkelt og trygt å finne fram.
Stikk UT! tilgjengeleg i store delar av Norge.
Meir om Stikk UT! finn du her
Kommunane sine Stikk UT! sine kontaktpersonar på Sunnmøre i 2026:
Diplom for innsatsen
Vil du ha eit synleg bevis på innsatsen din i sommar kan du laste ned årets diplom her. Du må sjølv fylle inn namn og antall turar.