- Friluftsrådet
- Ut på tur
- Turkortboka
Turane i turkart-boka er enkle nærturar for dei aller fleste. Nokre er tilnærma universelt utforma, mange er trillevennlege med barnevogn eller sykkel, og dei fleste turane høver for barnefamiliar.
Siste versjon av turkortboka til friluftsrådet (2020) har 180 sider med nyttig informasjon og tips om lokale naturperler!
I turkortheftet finn du også eigne kapittel med god og nyttig informasjon om allemannsretten, førstehjelp på tur og bål og brannfare ved bruk av turkjøkken/stormkjøkken.
Viktig informasjonsarbeid
Arbeid med synfaring og kart har også gitt - og gir - grunnlag for oppdatering i kartet gjennom Møre og Romsdal fylke og kartverket. Turar blir synleggjort i fylket sin turportal morotur.no
Friluftsrådet bidreg også her med å samle spennande informasjon, til dømes segn og lokalhistorie, som gjer turane til meir enn ein fin trimtur.
Boka kan bestillast i nettbutikken til friluftsrådet.
Ved å klikke på turmålet får du opp ein PDF som du kan laste ned (og evt skrive ut)