- Friluftsrådet
- Skule/SFO/BHG
- Utandørs livredning
Kompetanse og ferdigheiter i utandørs symjing og livredning er svært viktig i skule, SFO og barnehage. Livredning er både kompetansemål i læreplanen og sett som krav i forhold til trygg opplæring gjennom internkontrollrutinar.
I læreplanen for grunnskulen er livredning ute i naturen eigne kompetansemål i kroppsøvingsfaget. Og det er krav om utandørs livredning i forhold til internkontrollrutinar for all aktivitet med elevane i, ved og på vatn i skule, SFO og barnehage. I all aktivitet med elevar og barn – "i, ved og på vatn" – skal det alltid vere ein ansvarleg vaksen som har godkjent og dokumentert utandørs livredningsprøve.
Dette kompetansekravet gjeld for all aktivitet og undervisning med barn i grunnskule, SFO og barnehage.
Det er laga ein rettleiar (2022) som erstattar tidlegare rundskriv frå Udir om symjeopplæring. Den nye rettleiaren viser kva krav som er sett til lærarar og til skule/SFO og barnehage for internkontroll for all undervisning og aktivitet for elevane i, ved og på vatn.
Det betyr at kompetansekravet om utandørs livredningsprøve også gjeld for lærarar som har ekskursjonar til ulike naturmiljø med vatn, eller har med elevane på turar til fjøra, turar langs vatn og vassdrag eller er på fisketur.
Rettleiaren (februar 2022) kan du laste ned her: En veileder til trygg opplæring i, ved og på vann og bading i skolens regi.
Om utandørs livredningskurs for lærarar
Friluftsrådet sine kurs er tilpassa kompetansemål i læreplanen. Kursinnhaldet er praktisk og vil gjennom gode øvingar, tips og idear gi lærarane eit større repertoar til å kunne lage gode undervisningsopplegg for å nå kompetansemåla i utandørs symjing og livredning.
Kurset med utandørs livredningsprøve vil stette krav i forhold til rettleiaren (2022) med krav til livredningsdokumentasjon til ansvarleg vaksen for all aktivitet og opplæring med barn i, ved og på vatn
- Fagleg ansvarleg: Morten Gjerseth, godkjend instruktør i Norges Livredningsforbund og fysioterapeut
- Kursleiar: Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet i Sunnmøre friluftsråd
- Kurslengd: ca 4 timar
- Deltakartal: 10 til 12 deltakarar per kurs
- Kursutstyr: Deltakarane må ta med eigen våtdrakt, våtdraktsko og gjerne våtdrakthette eller liknande
Kontakt friluftsrådet ved Christer Lundberg Nes for informasjon om pris og moglege kursstadar/datoar.