- Friluftsrådet
- Skule/SFO/BHG
- Lån av utstyr
Friluftsutstyret omfattar lavoar, orienteringsutstyr, taubruer, diskgolf, kajakkar, truger, former til snøforming og utstyr til enkel skredopplæring mm.
Utstyr må primært hentast og leverast på lageret til Sunnmøre friluftsråd i Stettevegen 73 (ved Byggtorget Digernes) i løpet av arbeidsdagen mellom kl 0900-1530.
Du kan klikke på dei blå felta øverst for bestilling av utstyr (skjema kjem opp).
Det er verdt å merke seg at friluftsrådet sitt utstyr ikkje er til utlån for privatpersonar. Treng du utstyr til privat tur, tilrår vi at du tek kontakt med ein av dei opne utstyrsbasane i regionen.
Utlån andre stadar
Dersom friluftsrådet ikkje har tilgjengeleg det utstyret du treng, finns det andre moglegheiter.
Nokre kommunar har utlån gjennom BUA-ordningar eller Frivilligsentralane. Dette er opne utstyrsbasar som er tilgjengeleg for folk flest, utan at ein treng å vere medlem i lag- og organisasjonar.
Utstyrsbasane låner ut ulike ting, alt frå telt og kokekar til turski, truger og akebrett. Nokre stader kan ein også få låne kajakk og utstyr til andre vassaktivitetar.
Ålesund kommune har ei informasjonsside og oversikt over fleire utlånsordningar, også frå lag og organisasjoner som DNT Sunnmøre og Røde Kors m.fl - les meir her!
Ta kontakt med den einskilde utstyrsbase i opningstida for oppdatert informasjon om kva utstyr dei har og korleis du kan få låne dette.
Lenke til kart med oversikt over opne utstyrsbasar på Sunnmøre