- Friluftsrådet
- Skule/SFO/BHG
- Lån av utstyr
Friluftsorganisasjonar, skular, barnehagar og SFO kan låne følgjande:

Friluftsrådet lånar ut gratis lavvoar til lag og organisasjonar, skular, barnehagar og SFO.
Lavvo er det tradisjonelle samiske teltet, og svært godt tilpassa samane sitt nomadeliv. Duken er lett å ta med seg og teltet er eigna til å fyre bål inne i midten.
Den moderne lavvoen som Friluftsrådet har til utlån er laga i ein duk av blandinga bomull/syntet og står anten med ei aluminiumsstang i midten (einstangslavvo), eller med ein ring av aluminiumsstenger (ovnslavvo)
Einstangslavvo
Aluminiumstanga i midten kan leggast i hop og det er materialet duken er laga av som bestemmer vekta på lavvoen og storleiken når den er pakka saman.
Sidan stenger og duk får plass i ein pose er den relativt lett å ta med seg.
Friluftsrådet har satsa på kvalitetslavvoar frå Arctic lavvo med litt kraftigare blandingsdukar.
Desse lavvoane er difor litt tyngre enn dei lettaste einstangslavvoane i meir vanleg "teltduk-stoff"
Når teltet er slått opp toler ein einstangslavvo mykje mindre vind og snø/slaps enn ein ovnslavvo med fleire stenger i ein sirkel som duken ligg på.
Sidan duken på ein einstangslavvo er utsett for vind er det mange bardunar/snorer. For at det skal vere lett å sette opp lavvoen neste gong, og sleppe å bale med bardunflokar bør du bruke ein strikk som samlar kvar einskild bardun før pakking og levering til Friluftsrådet.
Er det tidleg eller seint på året med fare for tung nysnø bør du velje ein ovnslavvo.
Video til rettleiing til oppsett av enstangslavvo finn du her!
Ovnslavvo
Friluftsrådet sine ovnslavvoar er laga av Arctic lavvo. Dei har ein kraftig flammehemmande duk og eit sett aluminiumsstenger som står i ein ring når du reiser dei.
Sidan stengene er plassert langs duken og det ikkje er stang i midten, er det betre plass til bål og aktivitetar inne i lavvoen.
Dersom det ikkje bles er lavvoen sjølvståande og kan dermed plasserast også på hardt underlag. Ved vind må du bruke pluggar og/eller bardunere duken.
Det einaste minuset med ovnslavvoen er ved transport. Stengene blir levert i ein pose på ca lengde 205cm og diameter 30cm. Og lavvoduken i ein eigen pose.
Posen med stengene er tung, ca 15 kg. Og fordi duken er kraftig er den også tung, ca 15 kg.
Lån av lavvo er gratis
Men for å kunne halde dette som eit gratis tilbod treng friluftsrådet all den hjelp vi kan få for å halde utstyret i orden.
Du må levere lavvoen tilbake i same stand, eller aller helst i betre stand som då den vart lånt ut- og tørr!
Dersom friluftsrådet må ta att pakking og tørking blir dette fakturert lånetakar med kr 650.- per oppstarta time.
At du skal levere lavvoen tørr tilbake betyr i praksis i vanleg sunnmørsvêr at minimumslån er 3 dagar - til dømes 1 dag til overnattingstur og 2 dagar til tørking og stell!
Lavvoen skal leverast tilbake til friluftsrådet sitt lager på Stettevegen 73 (Digerneset) innan kl 1530 på siste lånedag!
Planlegg tur etter evne og legg inn ekstra margin i høve til ver og vind!