- Friluftsrådet
- Skule/SFO/BHG
- Lån av utstyr
Friluftsorganisasjonar, skular, barnehagar og SFO kan låne følgjande:
Sunnmøre friluftsråd har kajakkar til gratis utlån for skular, frivillige lag og organisasjonar.
Kompetansekrav
For å nytte kajakkane til opplegg med barn og ungdom under 18.år krev friluftsrådet sine internkontrollrutinar at lånetakar nyttar lærarar/vegleiarar/instruktørar som er godkjende aktivitetsleiarar i Norges padleforbund. Skular som er med i "Kajakk i skulen" har ei overgangsordning fram mot godkjende aktivitetsleiarar.
Skular som er med i "Kajakk i skulen" prosjektet vert prioritert i utlån.
Utlånsdokument barnekajakkar
Du må laste ned og lese utlånsdokumentet for barnekajakkane
I skjemaet blir du bedt å stadfeste at du har lasta ned og lest dette dokumentet
Vegleiar til nokre faremoment med kajakk
Du må laste ned og lese vegleiar til nokre faremoment med kajakk
I skjemaet blir du bedt om å stadfeste at du har lasta ned og forstått dette dokumentet
Tilhengerkalkulator
Det er bilføraren sitt ansvar å undersøke om personen har lov til å køyre kajakkhengaren i kombinasjon med sitt førarkort, bil og tilhengar
Friluftsrådet har to hengarar med barnekajakkar. Men begge hengarane er identiske i forhold til krav til tilhengersertifikat.
Slik at det ikkje gjer noko om du tastar inn det andre tilhengarnummeret enn den tilhengaren du eventuelt får låne.
Av praktiske årsaker kan det vere at du kryssar av for gul hengar - men at det er den raude som du får låne, eller omvendt.
- Gul kajakkhengaren har registreringsnr: RD 5924
- Raud kajakkhengar har registrerningsnr; RD 5925
Lenke til tilhengerkalkulatoren til Statens Vegvesen.
Utlånskalender kajakkar
Under finn du friluftsrådet sin utlånskalender for lån av kajakkane.
Oppdatering av kalenderen vert gjort manuelt og det kan difor vere at vi ikkje har hatt kapasitet til å oppdatere den pga andre arbeidsoppgåver.
Men vi prøvar å halde kalenderen så oppdatert som råd.
Vi gjer merksam på at i periodar kan kajakkene vere mykje i bruk - og vi kan difor ikkje garantere at dei er ledig.
Vi sender stadfesting på e-post om lån er i orden så raskt vi klarer!