- Friluftsrådet
- Skule/SFO/BHG
- Lån av utstyr
Friluftsorganisasjonar, skular, barnehagar og SFO kan låne følgjande:
Ingenting er kjekkare enn å forme og leike i snø! Friluftsrådet tilbyr snøformingsett til gratis utlån for frivillige lag og foreiningar, skular, barnehagar og SFO.
Snøformingsettet består av ei kasse med fleire vannfaste finerplater med hurtigkoplingar.
Ved å kople saman finerplatene til firkantar eller rektangel får du stabile former som kan fyllast med snø. Etter at du har pakka snøen, tek du vekk forma/platene og har ein snøkloss som kan inngå som ein del av eit større byggverk - eller som du straks kan forme til fantastiske snøskulpturar etter eigen fantasi og skaparglede!
Settet er relativt greitt å flytte rundt på - men på grunn av eigenvekta er det lurt å planlegge at ein er to vaksne på transporten til og frå der det skal nyttast.
Det er lurt å kombinere snøformingsett og spader frå friluftsrådet med eigne snøskuffer og evt fleire spader!
Tips til snøforming
Vi tilrår rapporten «La det snø» frå Friluftsrådenes Landsforbund.
I denne rapporten får du utfyllande informasjon og idear om korleis du kan nytte setta med snøforming og tips til undervisningsopplegg i skulen.
Fyll ut skjemaet under for lån. I periodar er utstyret mykje i bruk - og vi kan difor ikkje garantere at vi kan låne ut akkurat det materiellet du ønsker, eller at det er ledig. Vi sender stadfesting på e-post om lån er i orden så raskt vi klarer!