- Friluftsrådet
- Skule/SFO/BHG
- Lån av utstyr
Friluftsorganisasjonar, skular, barnehagar og SFO kan låne følgjande:

Friluftsrådet har opplæringsmateriell for skred og redning til gratis utlån for skular, barnehagar, SFO, frivillige lag og organisasjonar.
Friluftsrådet har:
- Spader
- Søkestenger
- Dokker (fylt med bobleplast) til søk eller framgraving
Og 5 plastfjell til turplanlegging og betre forståing for skredvarselet i www.varsom.no -spesielt i forhold til skredproblem og «skredrosa» som viser utsett høgde og hengretning.
Last gjerne også ned våre presentasjonar om skikompis, vegval mm; skikompismateriell
«OrtoMountain»
«OrtoMountain» er eit plastfjell som er nyttig i skredopplæring og forståing av terreng og skredvarsel.
Fjellet er laga i whiteboard-materiale slik at ein kan teikne på fjellet, og ha samtalar om terreng og vegval.
Saman med eit kartgrunnlag kan ein på modellen måle helling, vurdere ulike terrengformasjonar, og sjå korleis ulike vindretningar vil skape område med innblåst snø og demonstrere sol og skugge.
Modellen fungerer godt ved til dømes å ta utgangspunkt i dagens varsel på varsom.no:
- Kva er skredproblemet?
- Kvar finn vi skredproblemet?
- Korleis skal vi nytte terrenget for den tryggaste turen under desse forholda!
Dersom de ønsker å låne skredutstyr må de fylle ut skjemaet under. I periodar er utstyret mykje i bruk - og vi kan difor ikkje garantere at vi kan låne ut akkurat det materiellet du ønsker, eller at det er ledig. Vi ber deg difor om å vente til du har motteke stadfesting frå oss på e-post.