- Friluftsrådet
- Aktivitetstilbod
- Vinterferie i Sykkylven 2025
Vi gjentek suksessen frå vinterferien i fjor og arrangerer ny vinterleir for ungdom i vinterferien!
Leiren blir arrangert frå ettermiddagen tysdag 18.februar til og med laurdag 22.februar!
Du treng ikkje noko anna utstyr enn vinterkle, men ta gjerne med eigne ski mm om du har!
I samarbeid med Skattekammeret i Spjelkavik, BUA Volda, BUA Ørsta m.fl låner vi ski og anna vinterutstyr til dei som ikkje har eige utstyr!
Informasjon om kva utstyr du eventuelt treng å låne skriv du i påmeldinga.
Det blir overnatting i hytter på Orreneset, med ein leiar på kvar hytte.
Vinterferieleiren med reise t/r, mat, aktivitetar og evt heiskort er gratis.
Førebels program/grovplan
Tysdag 18.feb
Vi sett opp eigen turbuss frå Ørsta og/eller Volda Rutebilstasjon, via Ulsteinvik, Hareid, Moa, Sykkylven og til Orreneset.
Det blir avreise på ettermiddagen med innkomst på Orreneset ca kl 1830/1900 på kvelden
Innlosjering, bli kjent aktivitetar, kveldsmat
Onsdag 19.feb ,Torsdag 20.feb, Fredag 21.feb:
Overnatting og dei fleste måltida på Orreneset.
Det blir mykje spennande og kjekke vinteraktivitetar med ski, truger, aking, snøborger og "capture the flag" mm
Ein dag blir det moglegheiter for å køyre slalom og andre aktivitetar i og ved skisenteret.
Laurdag 22.februar
Litt aktivitet i nærområdet, pakking, avslutning og avreise
Vi sett opp eigen turbuss frå Orreneset med same rute tilbake til Volda og/eller Ørsta rutebilstasjon
Avreise frå Orreneset truleg i 12/13-tida.
Detaljert program og pakkeliste blir ettersendt påmeldte
Dyktige leiarar med friluftslivsbakgrunn
Fagleiar aktivitet i friluftsrådet, Christer Lundberg Nes, er ansvarleg for vinterleiren.
Med seg som leiarar har han eit team med 6 studentar som studerer friluftsliv på Høgskulen i Volda.
Organisert gratis turbuss
Vi har bestilt ein eigen turbuss som går ruta Ørsta/Volda, Ulsteinvik, Hareid, Moa, Sykkylven og Orreneset t/r.
I påmeldinga hukar du av på kva stopp du vil kome på bussen, og ein av av leiarane vil møte deg på bussen.
Reiserute med tidspunkt for ulike stopp blir ettersendt saman med anna informasjon etter at påmeldingsfristen er ute.
Påmelding
Vinterferieopplegget er gratis og er for ungdom som går på ungdomsskulen.
Påmelding i skjemaet under så raskt som råd!
Siste påmeldingsfrist er onsdag 5.februar