- Friluftsrådet
- Aktivitetstilbod
- Vinterferieleir i Sykkylven 2027
Vi gjentek suksessen frå vinterferien dei tre siste åra og planlegg ny leir for ungdom i vinterferien!
I år har vi auka kapasiteten med plass til 25 ungdommar!
Leiren blir arrangert frå ettermiddagen tysdag 23.februar til og med laurdag 27.februar 2027!
Du treng ikkje noko anna utstyr enn vinterkle, men ta gjerne med eigne ski mm om du har!
I samarbeid med Skattekammeret i Spjelkavik, BUA Volda, BUA Ørsta m.fl låner vi ski og anna vinterutstyr til dei som ikkje har eige utstyr!
Informasjon om kva utstyr du eventuelt treng å låne skriv du i påmeldinga.
Det blir overnatting i hytter på Orreneset, med ein leiar på kvar hytte.
Vinterferieleiren med reise t/r, mat, alle aktivitetar og evt heiskort er gratis.
Førebels program/grovplan
Tysdag 23.feb
Vi sett opp eigen turbuss frå Ørsta rutebilstasjon, via Volda Rutebilstasjon, Ulsteinvik, Hareid, Mauseidvåg, Moa, Sykkylven og til Orreneset.
Det blir avreise på ettermiddagen med innkomst på Orreneset ca kl 1830/1900 på kvelden
Når vi kjem fram blir det innlosjering, og nokre bli kjent aktivitetar, kveldsmat
Onsdag 24.feb ,Torsdag 25.feb, Fredag 26.feb:
Overnatting og dei fleste måltida på Orreneset.
Det blir mykje spennande og kjekke vinteraktivitetar med ski, truger, aking, snøborger og "capture the flag" mm
Ein dag blir det moglegheiter for å køyre slalom og andre aktivitetar i og ved skisenteret.
Laurdag 27.februar
Litt aktivitet i nærområdet, pakking, avslutning og avreise
Vi sett opp eigen turbuss frå Orreneset med same rute tilbake til Volda og Ørsta rutebilstasjon
Avreise frå Orreneset truleg i 12/13-tida.
Detaljert program og pakkeliste blir ettersendt påmeldte
Dyktige leiarar med friluftslivsbakgrunn
Friluftsrådet har eigen leirsjef som har ansvar for eit team med 7 studentar som studerer friluftsliv på Høgskulen i Volda.
Organisert gratis turbuss
Vi har bestilt ein eigen turbuss som går ruta Ørsta/Volda, Ulsteinvik, Hareid, Mauseidvåg, Moa, Sykkylven og Orreneset t/r.
I påmeldinga hukar du av på kva stopp du vil kome på bussen, og ein av leiarane vil møte deg på bussen.
Reiserute med tidspunkt for ulike stopp blir ettersendt saman med anna informasjon etter at påmeldingsfristen er ute.
Påmelding i skjemaet under bilda
Vinterferieopplegget er gratis og er for ungdom som går på ungdomsskulen.
Når det er klart for påmelding ligg det eit skjemaet nedst på denne sida!
Leirane dei tre siste åra har vore fullteikna med ventelister.
Meld deg på så raskt som mogleg!
Påmeldingsskjema for vinterferieleiren 2027 kjem snart