- Friluftsrådet
- Stikk UT! sommar med 572 turmål
Engasjementet rundt Stikk UT! er enormt. Gode møte mellom menneske og natur fremmar livskvalitet, og friluftsrådet er glad for å kunne tilby så mange fine turmål i fylket, der heile 187 er trillevennlege.
I årets kartbrosjyre, som no har kome i postkassene til alle innbyggarane i Møre og Romsdal, inviterer friluftsråda alle med ut på tur.
Vi håpar alle kan finne sine turperler. Det er flott å ta Stikk UT!-turar der ein bur, men oppfordringa er også å kunne oppdage nokre nye turmål i løpet av sesongen.
Friluftsrådet rettar ei stor takk til kommunar, grunneigarar og frivillege som bidreg til at turtrimmen kan gjennomførast i den skala den blir.
Registrering i app
Utviklinga viser at ca 95 prosent no registrerer turane sine i Stikk UT!-appen, og ikkje på stikkut.no. Frå og med i år vil ein berre kunne registrere turar i appen.
Det valet måtte kome før eller seinare, og det vart naturleg å endre dette i år når turappen blir oppdatert i samband med etableringa av Stikk UT! Norge.
Nettsida stikkut.no blir også ny, med litt annan funksjonalitet enn tidlegare.
Stikk UT!-vett
Sunnmøre friluftsråd er opptatt av at alle som ferdast i naturen skal gjere dette på ein omsynsfull måte. Derfor er det sett av stor plass til Stikk UT!-vett-reglane både i kartbrosjyren og i annan kommunikasjon.
Friluftsrådet oppfordrar alle til å ta vare på naturen og ta omsyn til både dyr, plantar og menneske. Vi oppfordrer også alle til å parkere som vist til og ikkje vere til hinder eller ulempe for andre trafikantar og grunneigarar.
Stikk UT! Norge
Friluftsråda jobbar saman med kommunane for å fremme friluftsliv for alle, og vi er stolte over at fleire friluftsråd i Norge også ser korleis Stikk UT! bidreg til stor aktivitet og turglede, og vil innføre turtrimmen i sine regionar.
Derfor kan du frå i år også registrere Stikk UT!-turmål fleire andre stader utanom Møre og Romsdal. Under årets oppstart av Stikk UT! Norge er heile 82 kommunar med, og tilbyr om lag 1 600 turmål. Målet er ei opptrapping til endå fleire stedar i Norge dei neste åra.