- Friluftsrådet
- Skule/SFO/BHG
- Kajakk i skulen
Lærarar som er med i prosjektet får tilbod om å utdanne seg til aktivitetsleiarar i våttkortstigen til Norges padleforbund. I tillegg skal vi utvikle gode undervisningsopplegg for elevgrupper som er på land. Forsvarleg og best padleundervisning skjer med mindre elevgrupper på sjøen, og då må elevgrupper som er på land få best mogleg undervisningsopplegg i samsvar med kompetansemål i læreplanane.
Deltaking i prosjektet føreset at minimum 2 lærarar frå skulen er med på kurs og pedagogisk utviklingsarbeid og at skulellinga skriv ein avtale med friluftsrådet.
Prosjektet og nettverket «Kajakk i skulen» er drifta av Christer Lundberg Nes (Sunnmøre friluftsråd) og Dag Roland (Rettleiar Hav/Høgskulen i Volda).
Utvikling av undervisningsopplegget er knytt til «stadbasert læring».
For meir utfyllande informasjon kontakt: christer@friluftsraadet.no
Meir informasjon finn du her:
Informasjon om kajakk i skulen
Rettleiar til nokre faremoment med kajakk
Andre nyttige lenker:
Norges padleforbund: Våttkortstigen Hav
Kartdatabasen: Stedsbasert læring