- Friluftsrådet
- Sjø og strand
- Skjærgårdstjenesten Møre og Romsdal
Skjærgårdstjenesten i Møre og Romsdal arbeider med tilrettelegging, drift og skjøtsel av offentleg eigde sjøbaserte friluftslivsområde. I tillegg bistår dei i arbeidet mot marin forsøpling, og er ein viktig samarbeidspartnar for Statens Naturoppsyn.
Gjennom året har Skjærgårdstjenesten Møre og Romsdal jamt tilsyn med og vedlikehald av dei statleg sikra sjøbaserte friluftslivsområda i fylket. Dette omfattar gjennomføring av nye prosjekt, og stell og vedlikehald av det som alt finst, som toalett, brygger, bord og benkar, bålplassar, badebøyer osb.
Spleiselag
Skjærgårdstjenesten i Møre og Romsdal er eit spleiselag mellom Staten (Miljødirektoratet), fylkeskommunen og medlemskommunane til dei to friluftsråda i fylket. Dei fire partane er representerte i driftsstyret. Sunnmøre friluftsråd står for den daglege drifta av tenesta, medan Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal har leiaren i driftsstyret 2020-2024.
Les meir om grunnlaget for skjergardstenesta, arbeidsoppgåver og samarbeid her:
- Samarbeidsavtalen for Skjærgårdstjenesten Møre og Romsdal signert juni 2021
- Årsrapport Skjærgårdstjenesten Møre og Romsdal 2023
Torgeir Sund er tilsett som skipper og leiar for tenesta.
Ta kontakt på mobil 900 46 092 eller e-post torgeir@friluftsraadet.no