- Friluftsrådet
- Skule/SFO/BHG
- Lån av utstyr
Friluftsorganisasjonar, skular, barnehagar og SFO kan låne følgjande:
Friluftsrådet har utvikla eit konsept med taubruer mellom trea. Barn og voksne bygger desse taubruene i lag med bruk av statiske klatretau, karabinar og slynger.
Opplegget med taubruene er kjekke, lærerike og fungerer bra for alle aldrar!
Frå 4. klasse (ca 10 år) og oppover er opplegget så enkelt at barna sjølve klarer å lage slike taubruer - om du følgjer undervisningsmetodikken til friluftsrådet.
Det er kjekkast når ein nyttar 3 eller fleire taubruer som er sett opp slik at ein får klatreløyper/taujungel ein kan leike i.
Sett med taubruer kan lånast gratis av lag og organisasjonar, skular, barnehagar og SFO.
Føresetnaden er at ein av dei ansvarlege har fått opplæring i bruk av taubruene av friluftsrådet.
Friluftsrådet har lage ein god rapport om bygging og opplæringsmetodikk med taubruene. Her kan du laste ned rapporten om taubruer
Du kan også kjøpe friluftsrådet sine taubrusett i nettbutikken. Taubruer kjøper du her
Fyll ut skjemaet under for lån. I periodar er utstyret mykje i bruk - og vi kan difor ikkje garantere at det er ledig på gitt tidspunkt. Vi ber deg difor om å vente du har motteke stadfesting på e-post fra oss om lånet er i orden. Vi svarar så raskt vi klarer.