- Friluftsrådet
- Friluftsområde
- Kartlegging og verdisetting av friluftsområde
Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder er eit viktig kommunalt verkemiddel for å identifisere, utvikle og ivareta areal for friluftslivet. Friluftskartlegginga gir oversikt over viktige friluftslivsområde i kommunane, og legg dermed grunnlaget for at kommunene kan sikre god tilgang til friluftslivsområda og et godt friluftslivstilbod for innbyggjarane.
Ny satsing i 2026
Kartleggingen følger metodikk beskrevet i Miljødirektoratets veileder M98-2013: Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder.
Fra 2026 har Miljødirektoratet lansert ny satsing på kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder - både i kommunane, men også av regionalt viktige friluftslivsområde på fylkeskommunalt nivå. Den nye rettleiaren M3133 er ein revidert versjon av M98.
Det skal brukast eit nytt kartverktøy både ved førstegongs kartlegging og verdsetting, og ved revisjon av eksisterende datasett. Eksisterende datasett er lagt inn i kartverktøyet og tilpassa den reviderte metoden.
Bruk av verktøyet er en forutsetning for å få kartlagte områder inn i Naturbase.
Vi er disponible til å hjelpe kommunene i arbeidet med å lage temaplanar for kartlegging og verdisetting av friluftsområde. Målet er at alle kommunene på Sunnmøre + Vestnes vil ha ei oppdatert kartlegging og verdsetting av sine friluftslivsområde innan 2030.
Viktig for arealdisponeringa
Kartlegginga er mest relevant i kommunane sitt arbeid med arealdisponering. Det er svært viktig i arbeidet med kommuneplanen sin arealdel, i samband reguleringsplan og byggesaksbehandling, samt i følge med eventuelle dispensasjonshandsamingar.
Det er samtidig klart at resultatet frå gjennomført kartlegging og verdsetting kan vere eit fint grunnlag for dei som ønsker å utforske fine turområde i regionen.
Resultatet av tidlegare gjennomførte kartleggingar er tilgjengelige viaMiljødirektoratet sitt Naturbasekart. Her kan du trykke for å sjå både områda sine gitte verdiar og områdetypekategoriane de er plasserte i.
Friluftslivskartlegginga bør oppdaterast jamnleg for å sikre at resultatet av kartlegginga gjenspeglar dagens situasjon, og videre sørge for at kartlegginga blir oppfatta som relevant og rett i samband med arealdisponeringar i kommunane.
Status på Sunnmøre + Vestnes
Desse kommunane gjennomførte kartlegging og verdisetting 2013-20:
Fjord kommune(Nordal og Stordal)
Giske kommune
Haram kommune
Herøy kommune
Skodje kommune
Sula kommune
Sykkylven kommune
Volda kommune
Ørskog kommune
Ørsta kommune
Ålesund kommune
I 2026 er desse kommunane i gang:
Vanylven kommune (ny temaplan)